Geirangervegen
Geirangervegen er ein bilveg mellom Langevatn i Skjåk og Geiranger. Den er ein del av Riksveg 63.
Høgaste punkt ligg 1038 moh, ved Djupvatnet. Vegen er ein viktig ferdselsveg mellom Sunnmøre og Austlandet, og ein av dei mest brukte turistvegane i landet.
Opphavleg var vegen ein smal rideveg. Planar om betre veg begynte rundt 1850. Vegen blei stukken i 1857 av Hans Hagerup Krag. Første løyvinga kom i 1881. Opptil 300 mann arbeidde på sommaren med dei 22 km veg som stod ferdig i 1889. Vegen hadde maksimal stigning 1:10, ni steinkvelvbruer, 29 hårnålssvingar (180°) og 5364 stabbesteinar. I «Knuten», som ikkje lenger er ein del av vegen, går vegen i sløyfeformasjon, ei av dei første trafikkmaskinene i landet. Byggverket blei tildelt gullmedalje på Parisutstillinga i 1900 med følgjande ord: «Du giver et godt bilde av den storartede norske fjeldnatur».
Vegen blei delvis lagt om på 1960-talet, sjølv om traseen er omtrent den same. Enkelte restar av den opphavlege vegen står fremleis. I 1977 blei strekninga mellom Grotli og Langevatn ein del av den nye Strynefjellsvegen, noverande riksveg 15. Heile vegen blei tofelts i 1983. Sidan 2000 har vegen vore ein del av The Golden Route. Vegen er vinterstengt. Det har dei siste åra vore arbeidd med rassikring av Stavbrekkfonna for å gjere mogleg ei tidlegare opning av vegen etter vinteren.
Vegen er foreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne.[1]
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Geirangervegen» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mai 2009.
[endre] Fotnotar
- ↑ Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (sjå avsnittet om Geirangervegen)