Harald Torsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Torsvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. oktober 1904
Død

26. november 1941 (37 år)

Harald Torsvik (fødd 3. oktober 1904 i Kristiansand, død 26. november 1941 på Akershus festning) var ein norsk jurist og motstandsmann. Etter okkupasjonen av Noreg deltok han i organiseringa av Heimefronten i Ålesund. Torsvik leidde ei avdeling som hadde til oppgåve å sende folk over til England, og opprette ei fast rute dit. Denne avdelinga vart kjent som Torsvik-gruppa. 26. mai 1941 vart han arrestert, og hamna først på Grini før han etter eit opphald i Åkebergveien fengsel vart send til Akershus festning. Saman med politibetjent og medlem av Torsvik-gruppa Karl Eriksen vart han dømd til døden 9. november 1941 for spionasje og arbeid for fienden og skoten 26. november same året. Lika etter dei to vart aldri funne.

På 1950-talet vart Harald Torsviks plass i Ålesund oppkalla etter han.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Torsvik, Harald (1951). I Våre falne. 4 (s. 414). Oslo: Grøndahl.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skrede, L. I. (2019). «Hvem var Harald Torsvik?». Sunnmørsposten (113): s. 6-7. 
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.