Hardførheit
Hardførheit eller Herdigheit hos planter beskriv deira evne til klare seg under vanskelege veksetilhøve. Vanlegvis tenker ein på klimatiske tilhøve. Det er såleis evnen til planta til å tole kulde, varme, tørke, rotblaute eller vind er det ein typisk tek med når ein vurderer hardførheita. Hardførheita er ofte gitt av arten sin opphavlege geografiske veksestad: lengdegrad, breiddegrad og høgd over havet. Alt dette er forenkla til hardførheitssoner.
På tempererte breiddegrader er det ofte evna til å tole kulde som er viktigast, kulde-hardførheit og er generelt målt ved den lågaste temperaturen planta kan tole. Hardførheit til planter er ofte delt i tre kategoriar: følsom, halv-herdig og herdig. Følsomme planter er dei som ikkje toler frost, medan herdige planter overlever frost i det minste ned til ein viss temperatur avhengig av planta.
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- «2006 arborday.org Hardiness Zone Map». National Arbor Day Foundation. http://www.arborday.org/media/zones.cfm. Henta 2007-01-07.
- «Differences between 1990 USDA Hardiness Zones and 2006 arborday.org hardiness zones reflect warmer climate». National Arbor Day Foundation. http://www.arborday.org/media/map_change.cfm. Henta 2007-01-07.
- Interactive Version of the 1990 USDA Hardiness Zone Map