Harrogate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Harrogate

Harrogate gravmonument
Harrogate gravmonument
Plassering
Harrogate is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap North Yorkshire
Distrikt Harrogate
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

71 594
Koordinatar 53°59′″N 1°32′″WKoordinatar: 53°59′″N 1°32′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer HG1, HG2, HG3, HG5
Telefon-retningsnummer 01423
Nettstad: www.harrogate.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Harrogate

Harrogate er ein by i North Yorkshire i England i Storbritannia med omtrent 70 000 innbyggjarar. Byen er mest kjent som spastad. Distriktet rundt byen har omkring 150 000 innbyggjarar og i lag med Knaresborough dannar han eit byområde på kring 85 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen blir første gongen nemnt på byrjinga av 1300-talet. Han blir då nemnt i ei tingbok som ein liten by. Busetnaden var lengje delt mellom Low Harrogate og High Harrogate. I High Harrogate møttest to relativt viktige vegar, noko som gjorde at det mellom 1400 og 1549 fanst eit kapell der, men elles var det ein stad det skjedde lite i.

Det var først i 1571, då William Slingsby oppdaga den første av kjeldene til byen, The Tewit Well, at byen byrja å vekse. Ved å fortelje om kjeldene til sine medisinsk kunnskapsfulle vener vart ryktet om eigenskapane til desse spreidd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]