Heidmarka
Heidmarka (eller Heidmarki, dansk Hedemarken) er eit område i Hedmark fylke og femner kommunane: Stange, Hamar, Løten og Ringsaker. Området gav namn åt Hedemarkens amt, seinare Hedmark fylke. Heidmarka ligg på austsida av innsjøen Mjøsa.
Området har 86 993 innbyggjarar (1. juli 2009) og strekk seg over 2 726 kvadratkilometer. Regionsenteret er byen Hamar. Kyrkjeleg er Heidmarka inndelt i Hamar domprosti og Ringsaker prosti. Området svarar til Hedmarken tingrett under Eidsivating lagdøme. Dei fire kommunane samarbeider i regionrådet for Hamarregionen.
Namnet [endre]
Lokal nedervd uttala er [²heːmarça], i bygdene utan monoftongering [²heimarça], oftast omtala i dativuttrykket på Heidmarken [po ²heːmarç.n].
Frå dansketida har landskapet namnet Hedemarken. Klagenemnda for stadnamnsaker vedtok i 2003 å fylgje nedervd lokal uttala, og Hedmarken (uten e) er no den offisielle skrivemåten av denne namneforma.
Namnet kjem frå gamalnorsk Heiðmǫrk, der førelekken viser til folkenamnet heidner, og det att kjem vel av vårt heid ‘skog, øydemark’. Andrelekken er vårt mark i tydinga ‘skog, grenseland’. Dei to namnelekkene går dimed til sist attende på same landskapstypen.
Ein person frå Heidmarka vert kalla ein heidmerking (-merkjing).
Soga [endre]
Tidleg i romersk jarnalder nemner Klaudios Ptolemaios vest i Scandia folket Khaideinoi, som svarar til urnordisk *haiþinīz, gamalnorsk heiðnir. Dette er fyrste folkenamnet me høyrer gjeti frå Noreg. Av det kan me slutte at det seinare kongeriket Heiðmǫrk har gamle røter.
I mellomalderen var Heidmarka skift i to syslor, «nørdre luten» og «syndre luten». Tverrdalane på vestsida av Mjøsa høyrde òg Heidmarka til.
I dansketida vart området skipa i Hedemarkens fogderi (futedøme).