Løten kommune
| Løten kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0415 |
| Fylke | Hedmark |
| Adm.senter | Løten |
| Areal | 369 km² |
| Folkemengd | 7 481 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-) | Bente Elin Lilleøkseth (Ap) |
| Målform | Bokmål |
| Nettstad | www.loten.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Løten kommune på Commons | |
Løten er ein kommune i Hedmark fylke. Kommunen ligg mellom Hamar og Elverum. Namnet Løten kjem av norrønt språk Lautin. Ordet er ein kombinasjon av «Laut» og «vin». Laut tyder ei djupne i bakken og «vin» tyder eng. Namnet vart skrive «Løten» frå starten av 1800-talet.
Løten den av dei opphavlege tettstadane på Hedmarken som låg lengst aust. Området har vore ei gjennomfartsåre for trafikk mellom aust og vest i uminnelege tider. Det gamle kommunesenteret låg ved Løten kyrkje, som er frå 1200-talet. Då jarnbanen Grundsetbanen vart opna i 1862, vart Løten stasjon det nye senteret for handel og administrasjon.
Løiten Brænderi, som vart oppretta i 1855, har vore med å gjera Løten kjend. Akevitt-produksjonen vart overteke av Vinmonopolet i 1927, men råspritproduksjonen heldt fram til 1990-åra. Den tradisjonsrike Løiten-akevitten vert i dag produsert av Arcus Produkter.
Kjende personar frå Løten [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Klevfos Industrimuseum (http://www.klevfos.no/innhold/klevfos/forside.html)
- Løiten Brænderi (http://www.lbr.no/)
- Kommunefakta Hedmark (Statistisk Sentralbyrå)
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Hedmark | ||
|---|---|---|
| Alvdal · Eidskog · Elverum · Engerdal · Folldal · Grue · Hamar · Kongsvinger · Løten · Nord-Odal · Os · Rendalen · Ringsaker · Stange · Stor-Elvdal · Sør-Odal · Tolga · Trysil · Tynset · Våler · Åmot · Åsnes | ||