Mjøsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjøsa
innsjø
Mjøsa sett mot nord frå Minnesund.
Land  Noreg
Fylke Akershus, Innlandet
Høgd over havet 119-123 moh.
Areal 369,48 km²
Middeldjupn 150 m
Største djupn 468 m
Volum 56,24 km³
Kystlengd1 341,11 km
Koordinatar 60°53′56″N 10°41′31″EKoordinatar: 60°53′56″N 10°41′31″E
Øyar Helgøya
Byar Hamar, Gjøvik og Lillehammer
Kart
Mjøsa
60°40′0″ N 11°0′0″ E
Wikimedia Commons: Mjøsa
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Mjøsa sett frå Hamar
Mjøsa

Mjøsa er ein innsjø som ligg i Innlandet fylke og Akershus fylke og strekkjer seg frå Lillehammer i nord til Minnesund i sør. Ei strekning på rundt 117 kilometer. Mjøsa er 15 kilometer på sitt breiaste mellom Hamar og Totenvika.

Mjøsa er den største innsjøen i Noreg med eit areal på 369 kvadratkilometer og han ligg 123 meter over havet. Den største offisielle målte djupna er 468 meter, målt utanfor SkreifjellaToten. Fleire uoffisielle målingar med ekkolodd har vist djup på 575 meter utanfor Stangelandet. Av norske innsjøar er berre Hornindalsvatnet (514 meter) i Vestland og Salvatnet (482 meter) i Trøndelag djupare. Mjøsa er den desidert romslegaste (volum) innsjøen i Noreg. Han inneheld like mykje vatn som: Røssvatnet, Tyrifjorden, Hornindalsvatnet, Tinnsjå, Norsjø og Kviteseidvatnet til saman. Innan Norden er det berre Vänern og Vättern som er romslegare. Det held også til ein sjetteplass i Europa. Etter Ladoga, Onega og Genfersjøen.

Namnet kjem truleg av norrønt «Miors» eller det eldre «Merso» som tyder noko som «Den glitrande» eller «Den skinande». Frå gammalt av heitte innsjøen Heiðsær.

Vasstanden i Mjøsa er regulert opp ei rekkje gonger opp gjennom åra og så seint som i 1947 vart reguleringa overteke av staten. Sidan 1961 har Mjøsa hatt same nivå som i dag. Reguleringa av Mjøsa skjer ved demninga og slusa ved Svanfossen før Vorma munnar ut i Glomma. I løpet av vinteren vert vasstanden redusert så mykje at dei fleste småbåthamnene ikkje kan nyttast før vårflaumen og snøsmeltinga aukar vasstanden igjen.

Største elv som renn inn i Mjøsa er Gudbrandsdalslågen, heilt i nordenden av Mjøsa ved Lillehammer. Den einaste elva som renn ut av Mjøsa er Vorma, heilt sør i innsjøen ved Minnesund. Den største øya i Mjøsa er Helgøya, som òg er den største øya i Noreg som ligg i ein innsjø. Byar ved Mjøsa er Lillehammer, Gjøvik og Hamar.

Mjøsa er åstad for det største innlandsfiske i landet. Kvar haust vert det fanga lagesild langs dei nordlege delane av innsjøen, 150-200 tonn vert teke opp i det organiserte fisket kvar sesong. Lagesild-fisket er omtalt så tidleg som i 1462.

I 1995 vart eit canadisk Handley Page Halifax bombefly heva frå Mjøsa. Flyet er i dag restaurert og utstilt i Canada.

Dyreliv i Mjøsa[endre | endre wikiteksten]

På grunn av det store djupet i Mjøsa er innsjøen framleis langt frå kartlagt når det gjeld dyreliv, men av fiskeartar i Mjøsa veit ein om

Mjøsa sett mot vest frå Hamar brygge.
Foto: Cato Edvardsen

Samferdsel og båtliv[endre | endre wikiteksten]

Det var tidlegare eit ferjesamband over Mjøsa mellom Biri og Moelv. Det vart erstatta av Mjøsbrua i 1985. Mjøsbrua er 1421 meter lang.

Det er fleire båtforeininga, seglforeininga og organiserte båthamner rundt Mjøsa. I august 2006 er det oppretta basestasjon for Maritim VHF på Bangsberget ved Brumunddal. Han gjev kontakt med Tjøme Radio på kanal 16, kanal 70 og med arbeidskanal 21. Dette er den første basestasjon for maritim VHF i innlandet i Noreg.

Utviding av E6 til motorveg langs Mjøsa i 2013. Jernbanesporet Minnesund-Hamar vart oppgradert nedanfor i same prosjekt.

Verdt å sjå ved Mjøsa[endre | endre wikiteksten]

Miljøgifter som har vorte funne i Mjøsa[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]