Eidsivating lagmannsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eidsivating lagmannsrett har hovudsete i Hamar tinghus.
Foto: Cato Edvardsen

Eidsivating lagmannsrett har sete på Hamar og er ein av dei seks lagmannsrettane i Noreg.

Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet – både i straffesaker og i sivile saker. Lagmannsretten sine avgjerder kan – i noko avgrensa omfang – bli påkjært eller anka til Høgsterett.

Jurisdiksjon[endre | endre wikiteksten]

Lagdømmet omfattar fylka Hedmark og Oppland i tillegg til kommunane (Eidsvoll og Nes) på Romerike som soknar til Øvre Romerike tingrett og Nedre Romerike tingrett i Akershus, jmr. oversikta nedst på sida over dei tingrettar som høyrer til lagdømmet.

Tidlegare omfatta Eidsivating òg Oslo, heile Akershus, Østfold og Buskerud i tillegg til Hedmark og Oppland, men lagdømmet vart delt frå 1. august 1995 då det vart etablert ein ny lagmannsrett på Hamar. Sidan det geografiske området til den nye lagmannsretten omfatta det gamle Eidsivatinget, overtok denne domstolen det namnet, medan lagmannsretten i Oslo fekk namnet Borgarting lagmannsrett.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Eidsivating lagmannsrett held til i tinghuset på Hamar og den har 14 faste dommarstillingar. Den blir leida av ein førstelagmann og har i tillegg ein lagmann og tolv faste utnemnde lagdommarar. Vidare er det ein administrasjonssjef og sju sakshandsamarar. Eidsivating lagmannsrett er ikkje delt i avdelingar slik som dei største lagmannsrettene er.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk var Eidsivating lagting for folket rundt Mjøsa, og hadde opphavleg sete på Åker i Vang. Seinare, på Olav den heilage si tid, blei lagtinget flytta til Eidsvoll. Då omfatta lagtinget Hedmark, Hadeland og Romerike, og det var først seinare at Østerdalen og Gudbrandsdalen blei omfatta.

Eidsivatinglova var den lova som blei brukt på Eidsivatinget. Den kan ha blitt skriven ned på 1100-talet, men er i tilfelle seinare gått tapt. Ein trur likevel at nokre avsnitt i Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 hadde sitt opphav i ei østnorsk lovbok, som kan ha vore Eidsivatingloven.

Førstelagmenn i Eidsivating lagmannsrett[endre | endre wikiteksten]

  • Odd Jarl Pedersen 1995-

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]