Heilage Alban

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
StAlban.jpg
Helgen i Den anglikanske, den katolske og den ortodokse
Festdag 22. juni

Heilage Alban (engelsk Saint Alban) er ein kristen helgen, rekna som den første britiske martyren. Han levde i den romerske byen Verulamium i provinsen Britannia, no St Albans i Hertfordshire.

Ifølgje helgensoga var Alban ein heidning som gav ly til ein prest som søkte ly frå forfølging hjå han. Etter kort tid blei han overtydd av læra til presten, og omvende seg til kristendommen. Då guvernøren sine folk kom for å finna presten, tok Alban kleda hans og blei fanga i hans stad. Han blei stild for retten, torturert og gjeven ordre om å ofra til dei romerske gudane, men nekta. Då blei han dømt til døden og halshogd.

Martyrdommen til Alban i The Life of St. Alban frå 1200-talet.

På vegen til rettarstaden skal Alban ha endra stoppa ei elv slik at dei kunne gå tørrskodd over, og fått ein fontene av vatn til å spruta ut frå toppen der han skulle avrettast. Skarprettaren blei omvend av under og nekta å avretta han. Den nye skarprettaren utførte avrettinga, men blei blinda like etter.

Alban har blitt dyrka som ein helgen i England sidan 400-talet, og kulten hans spreidde seg vidare i Europa. I Winterthur i Sveits, der Alban er ein vernehelgen, blir ein årleg Albaninifest halden til ære for han.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heilage Alban

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«St. Alban», Catholic Encyclopedia, New Advent, http://www.newadvent.org/cathen/01252b.htm .