Håsblås
Håsblås (engelsk Hufflepuff) er eit av dei fire husa på Galtvort i J.K. Rowlings serie om Harry Potter. Grunnleggjaren av huset er Helga Håsblås, og husets fargar er gul og svart. Husspøkelset til Håsblås er «den trinne munk» (Fat Friar), og emblemet er ein grevling. Ein Galtvortelev som blir plassert i huset Håsblås, har gjerne personlegheitstrekk som truverdig, lojal, tolmod, hardtarbeidande og rettferdig.
Innhaldsliste |
Helga Håsblås [endre]
Helga Håsblås er grunnleggaren av huset Håsblås på Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom. Ho var fullblods, og lærar på Galtvort. Ho var ven med Rasla Ravnklo, grunnleggjar av Ravnklohuset. Helga Håsblås skal ha hatt raudbrunt hår, blå auger, og ingen andre spesialitetar enn å vere menneske og ei av dei beste heksene på den tida.
Helga Håsblås sitt beger [endre]
Helga Håsblås sitt beger blei skapt av Helga sjølv og er ein magisk gjenstand med Håsblås-husets symbol, grevlingen, på. Det er skildra som ein gyllen kopp med eit finsmidd handtak på kva side. Det er ikkje kjend kva slags krefter eller magiske evner begeret skal ha. Begeret er også kjent for å vere det einaste objektet som nokon gong skal ha vorte stole frå banken Flirgott.
Begeret som ein malacrux [endre]
Begeret skal ha gått i generasjoner gjennom familien Håsblås i århundrer til det kom til Hepzibah Smith. For henne var det eit uvurdeleg arvestykke, men heldt det for seg sjølv og viste det ikkje til nokon, unntatt Tom Venster i 1946. Tom jobba då på Borgia og Brust, og Hepzibah blenda Tom med begeret.
To dagar seinare var Hepzibah Smith funnen daud. Husnissen hennar kom på at han hadde heldt gift i kakaoen hennar, men dette var eit falskt minne Tom Venster hadde sett inn til husnissen. Då Tom hadde stjelt både begeret og Salazar Smygards Medaljong, som Hepzibah også hadde hatt, myrda han Hepzibah. Han rømte etter dette og blei ikkje sett eller høyrd frå på eit tiår.
Tom Venster brukte begge objekta som malacruxar. Etter mange år gav han det til sin trufaste dødsetar Bellatrix DeMons, som ikkje visste at det var ein malacrux, men behandla det likevel med all omsorg og sette det i hvelvet sitt i Flirgott, som det skal vere umogleg å rane. Når Harry Potter og Albus Humlesnurr i 1996 finn ut at begeret kan vere ein av Fyrst Voldemort sine malacruxar visste dei ikkje kor det kunne vera, men under jakta på malacruxane i 1997 blir Harry, Ronny og Hermine fanga. Dei blir tatt med til Malfang Hus og Harry overhøyrer Bellatrix DeMons som spør Hermine Grang om dei har tatt noko anna frå hvelvet hennar når ho trur dei har stole Gudrik Griffings sverd. Harry blei mistenksam på dette ettersom Bellatrix fekk panikk med synet av sverdet.
Harry, Ronny og Hermine klarar å rømme ved hjelp av husnissen Noldus, men Bellatrix DeMons sender ein kniv mot dei idet dei immiverar og Noldus blir drept. Ikkje lenge etter kjem Harry, Ronny og Hermine seg inn i Flirgott ved hjelp av Polyksir og gnomen Klotak. Det oppstår mange problem ettersom tryggleiken for hvelvet er både vakta av ein drake, har tvillingformlar og mange andre spesielle tryggleikstiltak. Dei klarar å rømme på draken med begeret. Det blir seinare øydelagt av Vincent Krabbe når han sender ut Satanstunger i Nødvendighetsrommet under Slaget ved Galtvort.
Elevar i Håsblås [endre]
Fredrik Djervell [endre]
Fredrik Djervell (fødd ca. 1978) er elev på Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom og er plassert i Håsblås. I Harry Potter og Ildbegeret blir Fredrik trekt ut til å vere Galtvorts forkjempar i Tretrollmannsturneringen. På mystisk vis blir Harry Potters namn også trekt opp frå begeret, men dei fleste trur Harry juksa for å bli med i turneringa så nesten alle held med Fredrik.
I den tredje prøva blir Fredrik drepen av Petter Pittelpytt på Fyrst Voldemort sin ordre medan Harry Potter ser på. Når Harry seinare duellerar med Fyrst Voldemort kjem han tilbake som eit slags spøkelse når det oppstår Hexus Historicus mellom tryllestavane til Voldemort og Harry. Fredrik ber Harry om å ta med liket hans til far hans. Det blir dramatisk når Harry unnslepp Voldemort og dukkar opp med Fredriks lik utanfor labyrinten den tredje prøva føregjekk i, framfor alle elevane frå dei magiske skulane.
På andre spårk heiter Fredrik;
- Engelsk: Cedric Diggory
- Bulgarsk: Седрик Дигъри
- Nederlandsk: Carlo Kannewasser
- Tysk: Cedric Diggory
- Moderne gresk: Σέντρικ Ντίγκορι
- Polsk: Cedryk Diggory
- Portugisisk (Brasil): Cedrico Diggory
Julius Finkenfjær [endre]
Julius Finkenfjær (På originalspråket engelsk: Justin Finch-Fletchley) (fødd ca. 1979-1980) er elev på Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom og er plassert i Håsblås. Han er gompefødt, har brune auge og hår. I 1995 deltar Julius i Humlesnurr-Legionen. I den andre Harry Potter-boka blir Julius forsteina då han får auge på ein Basilisk, men ser ikkje den direkte inn i auga. I filmen Harry Potter og Mysteriekammeret blir Julius Finkenfjær spelt av Edward Randell.
Susanne Beining [endre]
| Susanne Beining | |
| Fødd | ca. 1980 |
| Art | Menneske og heks |
| Blodstatus | halvblods |
| Kjønn | Kvinne |
| Hårfarge | raudt |
| Hudfarge | Lys |
| Galtvorthus | Håsblås |
| Lojalitet | Galtvort, Håsblås, Humlesnurr-Legionen og Beining-familien. |
Susanne Beining (eng.: Susan Bones) er ein fiktiv person i J.K. Rowlings serie om Harry Potter. Ho er ei halvblods heks som går på Galtvort skole for trolldom og hekseri i same år som Harry Potter. Dei fleste familiemedlemmane hennar, inkludert besteforeldra, onkelen Edgar og kona og borna hans, blei drepne av Fyrst Voldemort i den fyrste trollmannskrigen. Ein annan slektning av Susanne er Amelia Beining, som er tanta hennar. Ho hadde høg stilling i Magidepartementet, før ho også blei drepen av Voldemort i 1996. Susanne blei medlem av Humlesnurr Legionen i det femte året hennar og i 1998 kjempe ho mot Voldemort og dødsetarane hans i Slaget om Galtvort. Livet hennar etter den andre trollmannskrigen er ikkje kjend.
Biografi [endre]
Susanne kom frå i stor gard ein magisk familiebakgrunn og ein respektert og kraftig familie. Grunna familien sin posisjon (og at familien støtta Føniksordenen), blei dei oppsøkte under fyrste trollmannskrigen av dødsetarar og mange blei drepne. Susanne blei fødd i eller rundt 1980, eit år før krigen blei avslutta.
Ho byrja å studere ved Galtvort høyere skole i 1991, der ho blei sortert i Håsblås-huset. Susanne var den andre Professor McSnurp ropte opp under sorteringa av dei nye elevane. Andre som blei sortert i same hus som Susanne var Julius Finkenfjær, Hanna Abom, Sakaria Smutt, Ernst Maltman og Megan Hansen. Ho delte derfor sovesal med dei to andre håsblåsjentene frå kullet; Hanna Abom og Megan Hansen. Ho lærde som medelevane grunnlaget for magi og tryllekunstar det fyrste året.
I det andre året på Galtvort verka det ifølgje Harry Potter og Mysteriekammeret-filmen som at Susanne var småforelska i den nye forsvar mot svartekunster-læraren Gyldeprinz Gulmedal. Dette fekk henne til å dagdrøyme under desse skuletimane.Hermine Grang, som Susanne kom godt overeins med, delte denne interessa. Dei sat ved kvarandre i forsvar mot svartekunster-timane og høyrde etter på kvar ord Gulmedal sa. I urtologien planta Hermine og Susanne også alruner saman. Det må ha kome som eit sjokk då Hermine seinare det året blei forsteina grunna basilisk-åtak. Etter basilisk-åtak på fleire elevar etter Mysteriekammeret blei opna blei ho med i duell-klubben. Her kunne ho lære å forsvare seg, men opplevde at venen Julius Finkenfjær nesten blei angripen av ein slange som var under kontroll av Harry Potter.
Då Gulmedal på slutten av året viste seg å vere ein svindel, mista ho mest sannsynleg interesse for han.
I det tredje året kunne Susanne velje kva fag ho ville studere på Galtvort, og skulen var dette året i fare for Sirius Svaart, som var ute etter Harry Potter.
I Susannes fjerde år blei ein anna håsblås, Fredrik Djervell, utvalt som forkjempar for Galtvort under Tretollmannsturneringa. Sannsynlegvis støtta ho også Djervell i staden for Harry Potter, slik som venene Hanna Abom og Ernst Maltman. Ho skulle også vere med på juleballet som blei halde i samband med turneringen. Djervell og Potter delte fyrsteplass, men Djervell blei drepen av Peter Pittelpytt på Fyrst Voldemorts ordre. Susannes forhold til Fredrik er ukjend, men dei som stod nærmast han var frå Håsblås, så spesielt dette huset blei sjokkert over dødsfallet hans. Mest sannsynleg var Susanne tilstades under Fredriks minnestund.
I 1995, Susannes femte år var Galtvort svært overvaka av magidepartementet, der tanta til Susanne jobba. Då Harry Potter, Hermine Grang og Ronny Wiltersen starta Humlesnurr-Legionen, blei Susanne medlem i denne gruppa. Ho spurde Harry om det var sant at han kunne trylle fram ein skytsverge, sidan tanta hennar hadde vore til stades under rettssaka hans då han sa dette. Seinare lærde Harry medlemene i HL å trylle fram ein skytsverje, men det er ukjend om Susanne fekk til dette.
Seinare på året, rømte dødsetarane som tok livet av onkelen Edgar og familien hans frå Azkaban, trollmannsfengselet. Mange elevar spurde etter opplysningar om dette frå Susanne. Ho fortalte Harry at ho no skjønte korleis han har det, sidan hans foreldre blei drepne og at gjerningsmannen er på frifot. Då hadde Harry nesten nokon har følte han kunne forbinde sin sinnstilstand med. Resten av året blei Susanne plaga med spørsmåla om familien sin. På toppen av dette, var dette året U.G.L.E.-eksamenane skulle vere. Det var mykje stress for å få det bra til på eksamenane hennar. Ho blei også erta minst ein gong av to smygardingar ved å gjere narr av familien, m.a. om at tanta hennar gjorde ein dårleg jobb i departementet.
I sommarferien før det sjette året til Susanne på Galtvort, var ein av dei siste slektningane og dei største heksene på den tida, Amelia Beining, myrda av Fyrst Voldemort. Amelia hadde sett opp ein stor kamp mot han etter han kom i hennar eigen heim. Dette gjorde Susanne skrekkslagen, ettersom dei fleste i familien blei teke livet av i den fyrste trollmannskrig og den andre Trollmannskrig akkurat var offisielt begynt. Det var berre eit tidsspørsmål før Dødsetere ville kvitte seg med resten av familiemedlemane.
Når Susanne er tilbake på Galtvort tek ho del i eit immiveringskurs, men blir splutsja. Seinare på året blei skulen angripen av dødsetarar.
Medlemmar av Humlesnurr-Legionen blei kalla til armeen via myntane sine, som organisasjonen brukar til å kommunisere med kvarandre. Til trass for mordet på tanta møtte ikkje Susanne opp til kamp. Det er mogleg at ho sidan HL-møta ikkje lenger blei haldne ikkje bar mynten rundt med seg og at ho ikkje la merke til våpenmelding.
Fysisk utsjånad [endre]
Susanne går med ei flette langs ryggen og har raudt hår. I 1996, splutsja ho under ein immiveringsprøve, som førte til at ho mista det eine beinet. Husleiaren klarte å hjelpe Susanne, men marerittet gav ho mindre sjølvsikkerheit.
Etymologi [endre]
- Susanne, eller på orginalspåket, Susan tyder lilje eller rose. Dette symboliserer ofte reinleik. Det er mest sannsynleg at ho er kalla opp etter tanta si, som har Susanne som mellomnamn.
På andre språk [endre]
- Susanne Beining
- Engelsk: Susan Bones
- Bulgarsk: Сюзън Боунс
- Tsjekkisk: Susan Bonesová
- Nederlandsk: Suzanne Bonkel
- Tysk: Susan Bones
- Polsk: Susan Bonnes
- Russisk: Сюзанна Боунс (Syuzanna Bouns)
- Walisisk: Siwsan Bown
Opptredener [endre]
Susanne Beining har blir nemnt eller er med i desse Harry Potter- bøkene, videospela og filmane.
- Harry Potter og De vises stein (bok og film)
- Harry Potter og Mysteriekammeret (bok og film)
- Harry Potter og Føniksordenen (bok, medan på filmen er berre namnet hennar på lista over medlemer av Humlesnurr-legionen.)
Ernst Maltman [endre]
| Håsblås | |
| Fødd | Mellom 21.april og 1.september 1980 [1] |
| Art | Menneske |
| Kjønn | Mann |
| Lojalitet | Humlesnurr Legionen, Galtvort, Håsblås og Maltman-familien. |
| Fyrste opptreden | Harry Potter og De vises stein[2] |
Ernst Maltman (Org. språket eng.: Erine Macmillan) er ein fullblods-trollmann som går på Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom frå 1991 til 1998 og er plassert i håsblås-huset. Han er ein fagleg sterk student og gode vener med Julius Finkenfjær og Hanna Abom. Ernst trur fyrst i sitt andre år, 1992, at Harry Potter er Smygards arving når Mysteriekammeret opnast. Her nevner han også at han har ni generasjonar med hekser og trollmenn, utan gompeblod. [3] Han blir forskrekka når Julius blir forsteina etter eit basilisk-åtak. På slutten av året får han likevell vite den egentlege sanninga. I det femte året til Ernst blir han medlem i Humlesnurr-Legionen, ei gruppe leda av Harry Potter der ein lærar å forsvare seg. Han slutta seg til HL i det sjuande året på Galtvort då organisasjonen vart gjennopptatt og kjempa i Slaget om Galtvort i 1998. Livet hans etter andre trollmannskrig er ukjend.
Hanna Abom [endre]
Hanna Abom er ein fiktiv person i J.K. Rowlings serie om Harry Potter. Ho blei fødd i 1979 eller 1980 og starta som elev ved Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom i 1991, det same året som Harry Potter byrja der, medan ho blei sortert i Håsblås. I sitt femte år ved Galtvort var ho både Prefekt og medlem av Humlesnurrlegionen. I 1998 var ho med å kempa i Det andre Galtvortsslaget. Sidan gifta ho seg med Nilus Langballe og starta som vertinne på Den lekke heksekjel.
På andre språk [endre]
-
- Engelsk: Hannah Abott
- Bulgarsk: Ханна Абът
- Tsjekkisk: Hannah Abbotová
- Nederlandsk: Hannah Albedil
- Tysk: Hannah Abbott
- Moderne gresk: Χάνα Άμποτ (Χάφλπαφλ)
- Norsk: Hanna Abom
- Polsk: Hanna Abbott
- Russisk: Ханна Аббот (Khanna Abbot)
- Walisisk: Hanna Annwyl
Andre håsblås-elevar [endre]
- Nymphadora Dult
- Leanne (Frå Harry Potter og Halvblodsprinsen)
- Pomona Stikling
- Sakaria Smutt
- Grogan Stump
- Henny Smith
- Melody Dobberman Granger
- Olivia Thooney
- Kent Wirring
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- engelsk Harry Potter wiki: Susan Bones
- Harry Potter Lexicon
- Engelsk wikipedia
- Harry Potter-bøkene av J.K.Rowling.
- Harry Potter og De Vises Stein
- Harry Potter og Mysteriekammeret
- Harry Potter og Ildbegeret
- Harry Potter og Halvblodsprinsen
- Harry Potter og Dødstalismanene
Fotnotar [endre]
- ↑ Harry Potter og Halvblodsprinsen av J.K. Rowling. Basert på Ernst tok del i eliksir-timen på Galtvort, 21.april 1997, der han saman med m.a. Draco Malfang og Harry Potter var gamle nok til å bli med på immiveringskurs.
- ↑ Harry Potter og De vises stein av J.K. Rowling. Ernst blei ropt opp under sorteringa av dei nye elevane.
- ↑ Harry Potter og Mysteriekammeret av J.K. Rowling. Sitat (på engelsk): "...in case you’re getting ideas, I might tell you that you can trace my family back through nine generations of witches and warlocks and my blood’s as pure as anyone’s..."