Helge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Helge er eit mannsnamn som kjem av det norrøne namnet Helgi, som igjen har opphav i ordet heilagr, som tyder 'heilag'. I før-kristen tid var tydinga 'heldig' eller 'sunn', noko som kan vera knytt til det gammalhøgtyske ordet heil. Kvinnenamna Hege og Helga har same opphav.

Helge har namnedag 30. september i Noreg og Sverige.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Helge er eit vanleg namn i Noreg og Sverige, og Helgi er vanleg på Island.

Tabellen nedanfor gjev eit detaljert oversyn over populariteten til fornamnet Helge i nokre av dei det finst tilgjengeleg statistikk for.

Land Blant landets menn Blant gttebarn
Tal Prosent Rangering Tal Prosent Rangering
Island [1] Helgi 1 528 (2004) 1 % 14. 66 (2000-2004) 0,63 % 27.
Noreg [2] Helge 13 977 (2006) 0,6 % 37. 12 (2006) 0,04 % 291.
Sverige [3] Helge 12 587 (2006) 0,28 % - - (2006) - (> 100.)
Danmark [4] Helge 5 074 (2007) 0,19 % - - (2005) - (> 50.)

I Noreg var Helge eit vanleg namn på 1700-talet. Det var også mellom dei mest populære namna på gutar fødde i perioden frå om lag 1940 til 1955.

Historisk utvikling av populariteten til namnet Helge i Noreg.[5][6]

Kjente personar med namnet[endre | endre wikiteksten]

Personane i lista er ordna kronologisk etter fødselsår.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nöfn í þjóðskrá. Hagstofa Íslands. Statistikk for namn på Island (islandsk)
  2. Navnestatistikk. Statistisk sentralbyrå. Statistikk for namn i Noreg
  3. NamnstatistikStatistikk for namn i Sverige (svensk)
  4. NavneStatistikk for namn i Danmark (dansk)
  5. Navnestatistikk. Statistisk sentralbyrå. Statistikk for namn i Noreg
  6. Digitalarkivet. Arkivverket. Folketeljingar i Noreg