Helgelandskraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Helgelandskraft er ein produsent og leverandør av elektrisitet med hovudkontor i Mosjøen og avdelingskontor i Brønnøysund, Sandnessjøen og Mo i Rana.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Aksjeselskapet Helgelandskraft er ei vidareføring av det kommunalt eigde Helgeland kraftlag som vart etablert i 1964 ved ei samanslåing av Sør-Helgeland kraftlag og Midt-Helgeland kraftlag. Av desse var Sør-Helgeland kraftlag det eldste, som gjorde den første utbygginga i Rørøyfossen på Vega i 1914.

Kraftverk[endre | endre wikiteksten]

Helgelandskraft eig 8 kraftverk (alle tal middels årsproduksjon):

I tillegg har selskapet driftsansvar for Kolsvik kraftverk på 504 GWh, som det eig 50 % i.

Eigarskap[endre | endre wikiteksten]

Det er kommunar på Helgeland som eig aksjane i Helgelandskraft. Aksjonærane er kommunane Alstahaug (10,1 %), Brønnøy (9,6 %), Dønna (4,4 %), Grane (2,5 %), Hattfjelldal (2,5 %), Hemnes (7,0 %), Herøy (3,8 %), Leirfjord (3,2 %), Nesna (4,6 %), Rana (26,8 %), Sømna (3,2 %), Vefsn (18,3 %), Vega (2,8 %) og Vevelstad (1,2 %).

Helgelandskraft har direkte eller indirekte eigarskap i følgjande selskap:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]