Henning Bergenholtz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henning Bergenholtz
Fødd26. august 1944
NasjonalitetDanmark
Områdespråkvitskap, leksikografi, grammatology, germanistikk
Yrkelingvist, leksikograf, universitetslærar
InstitusjonarAarhus Universitet
Alma materTechnische Universität Berlin
Universität Duisburg-Essen
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Henning Bergenholtz (fødd 26. august 1944) er ein dansk leksikograf og lingvist.

Bergenholtz har ein M.A. frå Technische Universität Berlin i 1973 og doktorgradar frå 1975 og 1978 frå Universität Essen.

Frå 1973 har han vore knytt til universita i Bonn, Essen, Køln, Kairo, Bochum og Stellenbosch. Frå 1996 til han vart pensjonist var han leiar av Center for Leksikografi ved Aarhus Universitet. Henning Bergenholtz er æresdoktor ved Universidad de Valladolid og medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Henning Bergenholtz har skrive mykje om grammatikk, leksikografi og språkpolitikk. Han har òg hatt ei fast spalte om språklege emne i nettavisa Den Korte Avis. I 1997 var han medforfatter på Nordisk leksikografisk ordbok som kom ut på Universitetsforlaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]