Herøyfjorden i Møre og Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bergsøya med Herøyfjorden til venstre

Herøyfjorden er ein fjord som deler kommunen HerøySunnmøre i Møre og Romsdal. Han ligg sør for Bergsøya og nord for Gurskøya. Midt i fjorden ligg dei små øyane Herøya og Nautøya. Den fyrste av desse har gjeve kommunen namn. Fjorden er om lag 8 km lang og mindre enn 2 km brei. Den største djupna i fjorden er 175 m.

Fiskevêret Flåvær er ei gruppe øyar og skjer vest i fjorden. Av øyar her finn ein Flåvær, Husholmen, Torvholmen og Varholmen.