Byrd-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 80°01′S 119°32′W
Byrd-stasjonen
stasjon
none  Sledar dradd av beltevogner eller hundar vart nytta som transport mellom leiraneMcMurdo-basen til høgre i bakgrunnen (kring 1960).
Sledar dradd av beltevogner eller hundar vart nytta som transport mellom leirane
McMurdo-basen til høgre i bakgrunnen (kring 1960).
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Marie Byrd Land
 - høgd 1 553 moh
 - koordinatar 80°01′S 119°32′W
Administrert under Antarktistraktaten
Byrd-stasjonen is located in Antarktis
Byrd-stasjonen (Antarktis)

Byrd-stasjonen var ein stasjon i Antarktis oppretta av USA under Det internasjonale geofysiske året av U.S. Navy under Operasjon Deep Freeze II i Vest-Antarktis.[1] Eit tog av beltevogner kryssa isen frå Little America V seint i 1956 for å opprette stasjonen. Kolonnen vart leia av Merle Dawson og reisa gjekk over 1040 km over uutforska terreng i Marie Byrd Land til ein stad som var valt ut på førehand. Stasjonen bestod av eit sett av fire prefabrikerte bygningar og vart reist på mindre enn ein månad.[2] Han vart bestilt den 1. januar 1957. Den originale stasjonen («Old Byrd») varte kring fire år før han byrja å kollapse under snøen. Bygginga av ein ny undergrunnsstasjon i nærleiken byrja i 1960 og var i bruk til 1972. Stasjonen vart så omgjort til ein sommarleir fram til han vart forlaten i 2004-05.[1]

John P. Turtle, ein polarlysforskar ved Byrd-stasjonen i 1962, gav namnet sitt til Turtle Peak.

National Science Foundation, som styrer U.S. Antarctic Program (USAP), hadde planar i juni 2009 om å bygge ein ny leir for å drive forskingsprosjekt i Vest-Antarktis, inkludert arbeid ved Pine Island-breen. Leiren, kring 1400 kilometer frå hovudanlegget til USAP, McMurdo-basen, skal kunne ta 50 personar og vil i hovudsak vere ein «oppstasa» bensinstasjon for luftturar i området. Ein annan leir nær Pine Island-breen, for eit prosjekt leia av NASA-forskaren Robert Bindschadler, er òg planlagt. Anlegget skal assistere helikopteroperasjonar til isbremmen.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]