Lincoln Ellsworth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lincoln Ellsworth

Lincoln Ellsworth (fødd 12. mai 1880 i Chicago, død 26. mai 1951) var ein amerikansk oppdagar.

Han var son av James Ellsworth og Eva Frances Butler, fødd i Chicago i Illinois.

Far til Lincoln Ellsworth, James, var ein velståande kolgruveeigar som donerte 100 000 dollar for å finansiere Roald Amundsen-ekspedisjonen til Nordpolen i 1925 med luftskipa «N–24» og «N–25».

Ellsworth deltok som navigatør på «N–24» der Leif Ragnar Dietrichson var flygar og Oskar Omdal mekanikar, medan Hjalmar Riiser-Larsen var flygar, Roald Amundsen sin navigatør, og Karl Feucht mekanikar på «N–25». Dei to luftskipa starta frå Ny-ÅlesundSvalbard den 21. mai 1925. Dei landa på 87° 44' nord, men hadde store vanskar med å kome i lufta igjen. «N–24» var skadd og måtte etterlatast. Først 15. juni hadde dei fått laga ein provisorisk startbane på 500 meter på isen der dei makta å ta av med «N–25» og kome velberga tilbake til Spitsbergen.

Saman med Amundsen er Ellsworth og mannskapet ombord i luftskipet «Norge» blitt kreditert for å ha vore dei første til å oppdage Nordpolen frå lufta under ei flyging frå Ny-Ålesund på Spitsbergen til Alaska i mai 1926.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]