Herodotos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byste av Herodot

Herodotos eller Herodot, gresk Ἡρόδοτος, var ein gresk historieforfattar som var fødd omkring år 484 f.Kr. i Halikarnassos i Vesleasia og som levde til 425 f.Kr. Han er rekna som sogeskrivinga sin far.

Herodotos gjorde lange reiser til Egypt, Syria, Babylonia, Persia og Europa. Omkring år 450 f.Kr. var han ei tid i Aten, i 444 f.Kr. busette han seg i den nye kolonien Hurioi i Sør-Italia. Herodotos sitt verk, som han kalla Histories apodexis (Granskingar), vart ei verdssoge på ni band med utgangspunkt i soga om persarkrigen, skrive på ei jonisk dialekt.

Herodotos tek utgangspunkt i at gudane styrer alt, og at dei grip inn i dei historiske hendingane. Gudane toler ikkje at menneskje vert for store. Forteljingane inneheld ei mengd spennande småsoger. Sjølv om alt han fortel ikkje kan stå for historisk kritikk, gjev verket hans e mengd gode historier og geografiske opplysningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]