Hiri motu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hiri motu
Klassifisering: Pidginspråk
 motu-basert
  Hiri motu
Bruk
Tala i: Flag of Papua New Guinea.svg Papua Ny-Guinea
Hiri motutalande i alt: Få morsmålsbrukarar, men rundt 120 000 har det som andrespråk[1]
Språkkodar
ISO 639-1: ho
ISO 639-2: hmo
ISO 639-3: hmo
Wikipedia på hiri motu

Hiri motu er eit pidginspråk som blir snakka på Papua Ny-Guinea. Språket er hovudsakleg basert på motu, eit austronesisk språk som blir tala rundt den papuanske hovudstaden Port Moresby. Engelsk, tok pisin og polynesiske språk har også påverka språket. Sjølv om ordforrådet er svært likt på motu og hiri motu, er fonologi og grammatikk likevel så forskjellige at språka ikkje er gjensidig forståelege.[1]

Hiri motu utvikla seg som handelsspråk lenge før europearar kom til Ny-Guinea, der motufolk handla med andre folkegrupper. I tidleg kolonitid blei språket brukt av politifolk, noko som gav det namnet «politimotu». Rundt 1960 var hiri motu lingua franca i store delar av Papua Ny-Guinea. Etter denne tida har bruken gått nedover ettersom engelsk og tok pisin har teke over.

Språket har både austronesiske og papuanske dialektar. Dei papuanske dialektane er rekna som standard.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]