Hn/Espevær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Espevær».

Espevær er eit fiskever i Bømlo herad, på um lag 1 km2, lengst i vest ute mot havet og Nordsjøen, sud for Hespriholmen. Espevær er serleg kjend for eit mystiskt merkje på ein bakke, som hev vorte kalla UFO-ringen. Denne ovale sirkelen i graset er 26 meter lang, fjortan meter breid og 63 meter i umkrins. Ringen vart fyrst uppdaga 7. oktober 1975, og til dessa hev ingen vore kar um å gjera greida for korso dette merkjet vart sett. Etter segni skal UFO-ringen vera eit avtrykk etter at ein UFO landa på bakken der.

Namnet Espevær kjem av norrønt espi, ospeskog, og vær, fiskever.