Honda F1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rubens Barichello ved Malaysia Grand Prix 2007

Honda Racing F1 er eit Formel 1 lag av den japanske bilprodusenten Honda. Laget har base i Brackley, Northamptonshire i England og nyttar fasilitetane frå det tidlegare laget British American Racing som Honda kjøpte heilt opp i 2005. Motorane vert produsert i Japan. Formel 1-laget vert leidd av briten Nick Fry og har for 2007 sesongen sjåførane Jenson Button og Rubens Barrichello.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Honda RA272 frå 1965 var den første Honda bilen som vann i formel 1

Honda entra Formel 1 som konstruktør alt i 1964, men trekte seg ut igjen i 1968 då Jo Schlesser, som køyrde for Honda, omkom under Frankrike Grand Prix det året. Først i 1983 kom bilfabrikanten tilbake til Formel 1. først som leverandør av motorar til det britiske laget Spirit, men alt året etter skifta Honda til laget Williams. Williams-Honda vann konstruktørmeisterskapen både for 1986-sesongen og 1987-sesongen. i 1998 bytta Honda alliansar igjen og med Mclaren vann dei konstruktørmeisterskapen for sesongane 1988, 1989, 1990 og 1991. Etter 1992 tok Honda ei ny pause frå formel 1 sirkuset.

I 1998 vurderte Honda å ta del i formel 1 med et eige lag igjen. Diverre fekk teknisk direktør Harvey Postlethwaite hjarteattakk og døydde under evaluering av ein testbil. Dermed leverte Honda i staden motorar til dei alt etablerte laga British American Racing og Jordan.

Ved slutten av 2005 skaffa Honda seg 100 % av eigarskapet av laget British American Racing, og vart med dette med i Formel 1 for fullt igjen. I tillegg til Jenson Button, som alt var sjåfør i det gamle BAR-laget, skaffa Honda F1 seg Rubens Barichello som var misnøgd i Ferrari og som dermed forlét gamlelaget etter slutten av 2005 sesongen.

Tobakkreklamen som forsvann[endre | endre wikiteksten]

"Lucky Strike" logoen erstatta med "Cheerio!Adios!Au revoir"...

British American Tobacco hadde vore hovudsponsor for det gamle Bar-Honda laget og for det nye Honda laget den første sesongen, men trekte seg som sponsor i 2006. Tobakkreklame var forbode i mange arrangørland og i motorsporten der slik reklame i mange år hadde vore lukrativt for konstruktørlaga, gjorde dei seg meir og meir uavhengig av tobakkreklamen. Med BAT borte, forsvann dermed den kjende Lucky Strike-logoen.

Den nye bilen for 2007 sesongen har i staden berre eit minimum med reklameeffektar, og eit trykk av jordkloden pregar heile bilen, unnateke bakvengen som syner nettadressa www.myearthdream.com, ei nettside som vart aktivert den 27 februar 2007, same dagen bilen vart presentert offentleg.

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Honda F1


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
Italia Ferrari Tyskland BMW Sauber Frankrike Renault Storbritannia Williams Australia Red Bull Japan Toyota Italia Toro Rosso Japan Honda Storbritannia Super Aguri India Force India Storbritannia McLaren
Flag of Finland.svg Räikkönen
Brasil Massa
Tyskland Heidfeld
Flag of Poland.svg Kubica
Spania Alonso
Brasil Piquet
Tyskland Rosberg
Japan Nakajima
Storbritannia Coulthard
10 Australia Webber
11 Italia Trulli
12 Tyskland Glock
14 Frankrike Bourdais
15 Tyskland Vettel
16 Storbritannia Button
17 Brasil Barrichello
18 Japan Sato
19 Storbritannia Davidson
20 Tyskland Sutil
21 Italia Fisichella
22 Storbritannia Hamilton
23 Flag of Finland.svg Kovalainen