Hordaland Folkeblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hordaland Folkeblad er ei avis som vert utgjeven i Norheimsund i Hordaland fylke. Fyrste utgåve kom ut i 1873 og ei av dei eldste lokalavisene i Noreg. Avisa siktar å vera ei uavhengig lokalavis for Kvam herad og Jondal kommune.

Åsmund Soldal er redaktør og Liv Skaar er dagleg leiar.

Hordaland Folkeblad kjem ut to gonger i veka, tysdag og fredag og er ei nynorskavis.

På folkemunne vert avisa ofte kalla «Skaaralappen». Avisa er framleis 100 % i Skaarslekta si eige, no ved fjerde generasjon, Nils Frode Skaar gjennom eigarselskapet Kaldenuten AS.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Fyrste nummer av Hordaland Folkeblad kom ut 27. desember 1873Lofthus under namnet «Hardangeren, et Ugeblad».

Bladet hadde då bak seg nokre få, uregelbundne utgjevingar. Den fyrste Hardangeren vart trykt av BT-trykkeriet i 1871.

Oddmund Børven frå Ullensvang stifta bladet. Han drog til Hamburg for å kjøpa trykkpresse. Det vart bomtur, men han lukkast med handelen i København. Trykkeriet var først installert i eit naust på Børve i Øystese.

Børven selde seinare avis og trykkeri til Nils Nilsson Skaar, Per og Torstein Børve for 3.600 kroner. Skaar, som var lærar ved Hardanger Folkehøgskule, var etablert som redaktør i 1878. Han var representant på Stortinget (Venstre) og opptekjen av folkeopplysing, Noregs frigjering og målsak.

Selskapet Søndre Bergenhus Folkeblad vart skipa i 1879 med 4.500 kroner i aksjekapital, fordelte på 25 aksjonærar. Skaar kjøpte ut alle i 1889.

Namnet vart endra til Hordalands Folkeblad, før det endeleg vart Hordaland Folkeblad.

Tre redaktørar frå Skaar-familen styrde avisa gjennom 112 år frå 1878 til 1990. Den siste, Bjørn Skaar, var redaktør i 58 år til 1990, berre avbrote av tre krigsår. Hordaland Folkeblad var lenge såkalla Venstre-avis. Bjørn Skaar avvikla den politiske tilknytinga.

Då han trekte seg i 1990, overtok Olav Bjørkum som redaktør. Åsmund Soldal gjekk inn i stillinga i 2002.

Redaksjonen låg lenge i kjellaren i hovudhuset til Skaar-familien i Norheimsund sentrum, til han flytta til Sandvenvegen 40 i 2010.

[endre] Selskapsstruktur

Hordaland Folkeblad AS er systerselskap med Øystese Trykkeri AS og Riss grafisk formgjeving AS.

[endre] Opplagstal

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 5 768
2001 5 759
2002 5 744
2003 5 714
2004 5 741
2005 5 747
2006 5 733
2007 5 790
2008 5 799
2009 5 762
2010 5 680

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk