Norheimsund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norheimsund
Midt i biletet ligg Norheimsund sentrum med Sandvenholmen og over stikk Aksnes ut i Ytre Samlafjorden. Biletet er teke frå Skutlaberg. Movatnet ligg nærast i biletet. Til venstre ser ein litt av Tolomarka. Til høgre for kyrkja er Kaldestad og kammen over ligg Tveit og Bjødnabrakane litt høgare. Øvst i biletet skimtar ein Folgefonni.
Midt i biletet ligg Norheimsund sentrum med Sandvenholmen og over stikk Aksnes ut i Ytre Samlafjorden. Biletet er teke frå Skutlaberg. Movatnet ligg nærast i biletet. Til venstre ser ein litt av Tolomarka. Til høgre for kyrkja er Kaldestad og kammen over ligg Tveit og Bjødnabrakane litt høgare. Øvst i biletet skimtar ein Folgefonni.
Geografi
Kommune Kvam
Fylke Hordaland
Folkemengd[1] 2 224 (2012)
Folketettleik 889,6 /km²
Areal[1] 2,5 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer 7 49
Postnummer 5600 NORHEIMSUND
Innbyggjarnamn Grovalark
Preposisjon i Norheimsund
Kart
Norheimsund is located in Hordaland
Norheimsund ligg i ytre Hardanger
60°22′9″N 6°8′34″EKoordinatar: 60°22′9″N 6°8′34″E
Norheimsund frå tidleg 1900-tal, truleg kring 1908. Hotellet er bygd og sentrum har utvikla seg.

Norheimsund er kommunesenteret i Kvam herad i Hordaland fylke. Namnet er bygd opp av orda nor som tyder 'trongt sund', heim og sund. Det viser til sundet mellom Movatnet og Hardangerfjorden. Bygda ligg 74 km (ein time køyring med bil) frå Bergen langs Fylkesveg 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Ein av dei best kjende fossane i landet, Steinsdalsfossen, ligg ved Norheimsund.

Norheimsund er handelssenteret i ytre Hardanger, og har om lag 50 butikkar og fleire tenester. Her er det gjestekai med service-bygg, ny kaipromenade, og det er lagt ned eit stort sjakkbrett i skifer i eit amfi. Kvam herad fekk tettstadsprisen 2000 for sitt arbeid med sjøsida i Norheimsund. I 2013 vann Norheimsund Statens pris for attraktiv stad. Prisen vart delt ut av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. [2]

Sandven Hotel og Hardanger Fartøyvernsenter ligg i Norheimsund. Begge er tildelt Olavsrosa for å vera eit fyrtårn i Norsk Kulturarvs produktspekter. Kyrkja i Norheimsund, invigd i 1992, er bygd på på dugnad og med innsamlingar. Borgstova på Vikøy prestegard er kjend som «Tidemandstova», fordi biletkunstnaren Adolph Tidemand henta inspirasjon til fleire av måleria sine her, mellom anna Haugianarane.

Norheimsund er også eit trafikknutepunkt, og har båtruter mot Utne og Eidfjord, bussruter mot Bergen, mot Voss, og mot Vikøy, Tørvikbygd, Jondal, Strandebarm og Kvinnherad. Lokalavisa for Kvam og Jondal, Hordaland Folkeblad, kjem ut i Norheimsund.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Delen av Hardanger der Norheimsund ligg er fruktbar, og det har truleg budd folk her heilt sidan siste istida. Helleristingar i området er datert til om lag 4000 fvt.

Bybrannen i Bergen gjer at registreringar før 1600-talet er mangelfulle. Det er ingen registreringar som er att frå før 1300-talet. Den tidlegaste dokumentasjonen er ei rettssak om naustrekkjaSandven som er dokumentert tilbake til midten av 1300-talet.

Klyngjetun er ein byggeskikk som går tilbake til vikingtida, og fanst i Norheimsund fram til utskiftingane frå midten av 1800-talet til midten av 1900-talet. Klyngjetun danna eit vern mot ytre fiendar samstundes som dei var ein effektiv måte å nytta ressursar på. Dei var likevel utsette for brann, og både klyngjetunet i Botnen og på Steine brann ned på 1800-talet og førte til utflytting. På Fykse er mykje av det gamle klyngetunet bevart den dag i dag.

På naustplassen for gardane i Steinsdalen vart det i 1850-åra etablert handel og hotell. Sentral i dette var Nils Skutlaberg som seinare tok namnet Nils Sandven. Her vart det bygd opp eit sentrum kalla «Grova».

Den fyrste brua over Straumen vart tekenn i bruk i 1876[3]. Restane av brustolpane kan ein enno sjå på vestsida av noverande bru. Bogebrua i stein vart bygd i 1909. Fylkesveg 7 går i dag over ei betongbru som vart bygd på 1970-talet.

Vegen over Tokagjelet mot Bergen vart påbyrja i 1900 og stod ferdig i 1907. Arbeidet vart utført ved at arbeidarane vart firt ned frå fjellet og hang ut frå fjellsida. Hammar og meisel var også festa med tau.

Heile det sentrale butikkstroket i Norheimsund vart lagt i oske under ein storbrann fredag 7. oktober 1932. Senteret vart bygd opp igjen i ein funksjonalistisk arkitektur i tida 1932 til 1934.

Under den andre verdskrigen hadde okkupasjonsmakta ein stor trengingsleir i Norheimsund, og det vart bygd store forsvarsanlegg mot fjorden.

Etter krigen har tettstaden stadig vorte bygd ut med fleire innbyggjarar og fleire verksemder og butikkar. I 1986 budde det 1 648 menneske i Norheimsund, i 1999 hadde talet auka til 1 987 og i 2005 til 2 146. Det er vanleg å sei at Vikøy og Steinsdalen inngår i Norheimsund. Det samla folketalet for desse bygdene var 3 247 i 2003.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling i Norheimsund
År Innbyggjarar
1920
  
177
1930
  
183
1946
  
724
1950
  
553
1960
  
1 269
1970
  
1 492
1980
  
1 686
1990
  
1 562
2000
  
1 987
2009
  
2 132
2012
  
2 224
Kjelder:

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Viktige næringsgreiner i Norheimssund er turisme, jordbruk, handel og industri.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Viktige turistattraksjonar og -verksemder er:

Industri[endre | endre wikiteksten]

Viktige verksemder innan industri, bygg og anlegg er:

  • Lid Jarnindustri AS
  • SOCON Norheimsund Sveis AS
  • Norheimsund Industrier AS
  • Botnen Entreprenør AS

Anna[endre | endre wikiteksten]

Avisa Hordaland Folkeblad (grunnlagt i 1873) vert gitt ut i Norheimsund. Dette er den eldste noverande lokalavis i Noreg.

Opplysningen 1881 har ei avdeling i Norheimsund.

Personar med tilknytning til Norheimsund[endre | endre wikiteksten]

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Norheimsund sentrum blir kalla Grova, og ei nemning på folk frå Norheimsund er grovalark. Dette var tidlegare ei nedsettjande nemning men er no nøytral.

Det har ofte vore bygdestrid mellom Norheimsund og «tvillingbygda» Øystese. Sist blussa dette opp då Kvam heradsstyre i 2006 røysta for at ungdomsskuleelevane i bygdene skulle samlast i Kvam ungdomsskule i Øystese.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
  2. http://www.regjeringen.no/nn/dep/krd/pressesenter/pressemeldingar/2013/prisvinnande-stadutvikling-i-norheimsund.html?id=727723 Regjeringa.no "Prisvinnande stadutvikling i Norheimsund".
  3. I følge "Gamalt frå Kvam" frå Kvam Sogelag fortel at brua vart teken i bruk 1876.