Hulda Holtvedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hulda Holtvedt

Fødd1. juni 1999 (24 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiMiljøpartiet Dei Grøne
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021) Sjå dette på Wikidata

Hulda Holtvedt (fødd 1. juni 1999) er ein norsk politikar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Ho var talsperson for Grøn Ungdom frå 2017 til 2021,[1] ungdomsorganisasjonen til MDG.

Holtvedt er oppvaksen i Oslo og har skulegang frå Oslo katedralskole.[2] Ho har tidlegare vore fylkesleiar i Oslo Grøn Ungdom.

Holtvedt var vararepresentant nr. 3 for Oslo til Stortinget for perioden 2017–2021. I 2019 vart ho vald inn i Oslo bystyre, der ho sit i helse- og sosialutvalet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hulda Holtvedt og Ola Eian – valgt som talspersoner for Grønn Ungdom – Grønn Ungdom» (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. mai 2019. Henta 9. juli 2019. 
  2. «Hvem er disse folka som kaller seg De Grønne?». www.dagsavisen.no. Henta 9. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hulda Holtvedt