Hustadvika
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hustadvika er eit drygt 10 nautiske mil langt ope havstykke utanfor Fræna i Romsdal i Møre og Romsdal, i skipsleia mellom Molde og Kristiansund. Havstykket er rekna som eit av dei farlegaste langs norskekysten og fleire skip har forlist her. Eit av dei mest dramatiske forlisa var Roktaforliset i 1938.