Hut Point Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 77°47′S 166°51′E
Hut Point Peninsula
halvøy
none  Ross Island med Hut Point Peninsula
Ross Island med Hut Point Peninsula
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Victoria Land
 - koordinatar 77°47′S 166°51′E
Administrert under Antarktistraktaten
Hut Point Peninsula is located in Antarktis
Hut Point Peninsula (Antarktis)

Hut Point Peninsula er ei lang halvøy, frå 2 til 4,5 km brei og 24 km lang, som stikk sørvestover frå Mount ErebusRoss Island i Antarktis.

Discovery-ekspedisjonen (1901–04) under Robert Falcon Scott bygde ei hytte on på Hut Point, eit lite nes som ligg 1,5 km nordaust for Cape Armitage, ved sørenden av halvøya. Medlemmar av Terra Nova-ekspedisjonen, under Scott, overvintra på Cape Evans og nytta ofte denne hytta under reisene sine, slik at neset og halvøya fekk namnet Hut Point Peninsula (Hytteneset).[1]

McMurdo-basen (USA) og Scott-basen (NZ) er antarktiske forskingsstasjonar som ligg på Hut Point Peninsula.

Fleire stader på Hut Point, som minnekrossen for George T. Vince og lagringshytta for ekspedisjonane til Scott er verna under Antarktistraktaten.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hut Point Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).