Hylsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Innløpet til Hylsfjorden (fremre) frå Sandsfjorden

Hylsfjorden er ein sidefjord til Sandsfjorden i Suldal kommune i Rogaland og i lag med Saudafjorden ein av dei inste fjordane i Boknafjorden.

Fjorden har innløp mellom Tangen i nord og Eidsliane i sør og strekkjer seg 19 km austover til Hylen og Hylsdalen. Om lag 4 km inn i fjorden ligg grenda Drarvika på nordsida og litt lenger inn ligg bygda Vanvik. På hi sida av fjorden frå Vanvik ligg Suldalseidet. Frå Vanvik følgjer fylkesveg 719 fjorden på nordsida inn til grenda Tengesdal. Innanfor dette er ikkje fjorden busett på grunn av dei bratte fjellsidene som stuper ned i fjorden frå ei høgd på 600-700 meter. Det einaste unnataket er garden Lingvang som ligg litt over 600 meter over fjorden.

Hylen ligg inst i fjorden ved munningen til Hylsåa som kjem ned frå Hylsdalen. Her ligg Hylen kraftverk, som utnyttar fallet frå Suldalsvatnet.