Suldal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suldal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1134
Fylke Rogaland
Adm.senter Sand
Areal 1 727 km²
Folkemengd 3 829 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Torkel S. Myklebust (Sp)
Målform Nynorsk
Nettstad www.suldal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1134.svg
Suldal kommune på Commons

Suldal er ein kommune nordaust i Rogaland fylke med om lag 4000 innbyggjarar. Suldal ligg i Ryfylke- regionen. Kommunen grensar i nord mot kommunane Etne, Sauda, Odda og Vinje, i aust mot Bykle, i sør mot Hjelmeland og Finnøy, og i vest mot Vindafjord. Rett vest over fjorden er òg Tysvær kommune.

Kommunen er med sine 1740 km² den største i Rogaland, og landskapet strekkjer seg frå kyst- og fjordlandskap til dalføre, skogar og urørte fjellområde. Omtrent 8 % av den samla vasskraftproduksjonen i Noreg skjer i kommunen. Utbygginga byrja på 1960-talet med omfattande reguleringar. Fyrst kom Røldal-Suldal og seinare Ulla-Førre. Reguleringa har ført til inngrep i naturen, men òg til stor økonomisk gevinst for kommunen, som får mykje av sine inntekter frå kraftproduksjonen.

Kommunesenteret Sand er eit trafikk-knutepunkt, handels- og skulesenter. Der kan ein mellom anna finna spesialbutikkar, legekontor, apotek og tannlækjar. Her ligg òg Topp Volley Norge som har som mål å utdanne topp volleyballspelarar. Frå Sand går dalføret mot aust til Suldalsosen, og lenger mot nordaust ligg Suldalsvatnet, med stadane Nesflaten og Bråtveit. Nord for Sand går Hylsfjorden inn mot aust, med Vanvik på nordsida. Over Sandsfjorden mot vest ligg Ropeid, og Ropeidhalvøya mot sørvest. Her er det båtanløp på Marvik og Hebnes. Sør for Hebnes ligg Foldøy, og over Sandsfjorden mot aust ligg Jelsa. Vestover via Jelsafjorden og Erfjorden ligg bygda Erfjord. Lenger austover finn ein mellom anna Ulladalen, Gullingen, Sandsavatnet, og Blåsjø.

Bilde [endre]

Fotnotar [endre]