Evangeliet etter Markus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Innleiinga til Markus-evangeliet. Handskrift frå mellomalderen

Evangeliet etter Markus, er eit av dei synoptiske evangelia og er i den kanoniske rekkefølgja den andre boka i Det nye testamentet. Etter tradisjonen skal evangeliet vere skrive av Johannes Markus, og det er det eldste og kortaste av evangelia.

Evangelisten Markus vert symbolisert ved ei løve med eller utan venger.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Evangeliet er skrive på gresk. Språket er enkelt med trekk frå gresk folkespråk, latin og semittiske språk. Evangelisten Markus er i blant meir detaljert enn til dømes Matteus; ofte skildrar han kjenslene til personane han fortel om. Markusevangeliet inneheld mindre talestoff enn dei andre evangelia og legg i staden meir vekt på handling. I staden for å fortelje kva Jesus seier, så fortel Markus kva han gjer. Karakteristisk for språkføringa er ordet «straks» (frå gresk evtys), det brukast for å drive handlinga framover.

Det er vanleg å dele evangeliet inn i to hovuddelar med følgjande underinndelingar: Markus-evangeliet har ei stutt innleiing, her får vi høyre om døyparen Johannes og Jesu dåp og freisting. Så er vi over i handlinga og får høyre Jesu virke i Galilea. Eit viktig vendepunkt er Peters vedkjenning i kapittel 8. Derifrå får vi høyre om Jesus i Jerusalem. Evangeliet når eit klimaks i forteljinga om Jesu liding, død og oppstode.

I dei eldste og beste handskriftene sluttar Markus-evangeliet med vers 16,8; vi får høyre om kvinnene som finn grava tom og får høyre at Jesus er oppstaden. Avslutninga, som fortel om Jesus som syner seg for læresveinane og Kristi himmelfart, må vere skriven til seinare.

«Den som vil vera stor millom dykk, lyt tena dei andre, og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dykk alle. For Menneskesonen er 'kje heller komen for å tenast, men for aa tena og gjeva sitt liv til løysepeng for mange.»
Mark. 10,43-45 (Studentmaallaget si bibelumsetjing, 1921)

Mysteriet[endre | endre wikiteksten]

Markus-evangeliet fortel om Messias som ein løyndom eller ei gåte. Løyndom, gresk mysterion. I Markus-evangeliet opptrer fem løyndomsmotiv:

  • Den kristologiske løyndommen (at Jesus er Guds son)
  • Løyndommen om Menneskesonen (at Menneskesonen må lide)
  • Løyndommen om Gudsriket (at Gudsriket ikkje berre er framtid, men òg notid)
  • Løyndommen i likningane
  • Løyndommen i undergjerningane (som først vert forståelege etter Jesu død og oppstode)

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av Markus – evangelieskrift frå 1500-talet

Tradisjonen frå oldkyrkja har halde Johannes Markus, ein av Paulus’ (og Peters) medarbeidarar, for å vere den som skreiv ned dette første evangeliet. Markus er nemnd i apostelgjerningane og brevlitteraturen.

Det eldste vitnemål vi har til forfattarspørsmålet er Papias (ca. 65–ca. 145 e. Kr.), ein biskop i byen Hierapolis i Litleasia (dagens Tyrkia). Dessutan tyder ei evangelieoverskrift (gresk KATA MARKON) frå ca 110 e. Kr. på at ein Markus har vore forfattaren.. Ingen andre er nemnde som moglege forfattarar

Forfattaren skriv ein enkel gresk, han har kjennskap til arameisk språk og har hatt kjennskap til latin. Det har vore vanleg å rekne med at Markus-evangeliet (eller ein protoutgåve av dette evangeliet) har vore nytta som ei hovudkjelde òg for Matteus-evangeliet.

Ein kritisk forskar vil konkludere med at forfattaren er ukjend, men det vil ikkje vere uråd å tenkje seg at Johannes Markus kan vere forfattaren av Evangeliet etter Markus.

Når og kor er det skrive?[endre | endre wikiteksten]

Det er usemje om når evangeliet er skrive. Somme vil seie så tidleg som 40- eler 50-talet e Kr, eit fleirtal av forskarane meiner at 60- og 70-talet er nærare sanninga.

Det er vanskeleg å avgjere kor evangeliet er forfatta, men det kan ha vore skrive i Roma. Der var det ein stor kristen kyrkjelyd, og både Paulus og Peter leid martyrdøden der. Både Ireneus og Clemens hevdar at Markus skreiv i Roma.

Målgruppe[endre | endre wikiteksten]

Det at Markus brukar latinske uttrykk og at han forklarer jødiske skikkar og arameiske uttrykk, er blant momenta som peikar på evangeliet har vore skrive for ei heidningkristen forsamling.

Evangeliet etter Markus som teater[endre | endre wikiteksten]

I 1995 skapte skodespealeren Svein Tindberg teaterhistorie då han, aleine på scena, framførde Evangeliet etter Markus i meir enn 200 teaterforestillingar. Regissør for oppsetjinga var Kjetil Bang-Hansen. Framføringa var nyskapande på den måten at historia vart framført som om det var første gongen ho vart fortalt, og evangelieteksten fekk stå på eigne føter, ordrett gjengjeven frå Mark. 1,1 til 16,8.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur og kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen byggjer på ei omsetjing frå tilsvarande artikalr på svensk, dansk og bokmålswikipediaen.
  • Brown, Raymond E., An introduction to the New Testament, (The Anchor Bible reference library), New York : Doubleday, 1997.