I'm a Believer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
I'm a Believer
av The Monkees
frå albumet More of the Monkees
B-side «(I'm Not Your) Steppin' Stone»
Utgjeve 21. november 1966
Sjanger Poprock
Lengd 2:47
Selskap Colgems Records
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Produsent Jeff Barry
The Monkees-kronologi
«Last Train to Clarksville»
(1966)
I'm a Believer «A Little Bit Me, A Little Bit You»
(1967)

«I'm a Believer» er ein song skriven av Neil Diamond og spelt inn av The Monkees i 1966 med solovokal av Micky Dolenz. Singelen, som vart produsert av Jeff Barry, nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA siste veka av desember 1966 og låg på toppen i sju veker,[1] og vart den siste førsteplassen i 1966 og den mestseljande plata i 1967. På grunn av over ein million førehandsbestillingar selde han til gull berre to dagar etter han kom ut. Singelen er ein av færre enn førti singlar gjennom tidene som har seld meir enn 10 millionar fysiske kopiar verda over.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Neil Diamond hadde alt spelt inn songen før han vart spelt inn av The Monkees, og vert framleis spelt av Diamond på konsertane hans. Ei ny innspeling av Diamond, med noko ekstra tekst, kom ut på albumet September Morn, medan originalinnspelinga kom ut i 1967 på albumet Just for You. Neil Diamond foreslo òg songen for The Fifth Estate som spelte han inn i 1967 for albumet som skulle følgje opp hitten deira «Ding-Dong! The Witch Is Dead».

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Studiogitaristen Al Gorgoni (som seinare spelte på «The Sound of Silence» og «Brown Eyed Girl») hadde arbeidd med Diamond på «Cherry, Cherry» og spelte òg på denne songen. Andre musikarar på plata var Sal Ditroia på gitar, Dick Romoff på bass, Artie Butler på orgel, Jeff Barry på piano og tamburin og Buddy Saltzman på trommer.

Neil Diamond-versjonen vert nytta i filmen Blood Simple i den amerikanske heimevideoversjonen,m en vart sidan erstatta av Four Tops-songen «It's the Same Old Song», som var det opphavlege valet for filmen.

Songen ligg plassert på 48. plass på lista til Billboard si Topp 100-liste gjennom tidene.[1]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av Robert Wyatt vart ein overraskande hit i Storbritannia i 1974 med Fred Frith på fiolin, Andy Summers (seinare i The Police) på gitar, og trommer av Nick Mason frå Pink Floyd, som òg produserte innspelinga. Dette var den første innspelinga til Wyatt etter ulukka som gjorde han lam.

I 1995 song dei britiske komikarane Vic Reeves og Bob Mortimer songen i lag med bandet EMF og denne nådde tredjeplassen på singellista i Storbritannia. Reeves & Mortimer la til ein «Oi!» etter den første linja i kvart vers, som sidan har vorte brukt i nyare innspelingar av songen.

Songen vart òg spelt av Smash Mouth og Eddie Murphy i 2001, som ein del av filmmusikken til filmen Shrek. Eddie Murphy, som spelar rolla som eselet i flimen, syng òg ein versjon av songen i sjølve filmen.

I 2010 spelte Neil Diamond ein enkel, langsam versjon av songen på albumet hans Dreams.

Utval innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har det vore fleire innspelingar der songen er brukt:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Billboard Hot 100 All-Time Top Songs». Billboard. Arkivert frå originalen den 2012-05-25. https://archive.is/w1pk. Henta 21. august 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]