Robert Wyatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Wyatt
RobertWyatt 2006 (mirrored).jpg
Robert Wyatt, London, April 2006
Verkeleg namn Robert Wyatt-Ellidge
Fødd 28. januar 1945
Bristol i England
Instrument Vokal, trommer, perkusjon, piano, klaverinstrument, gitar, bassgitar, trompet
Sjanger Canterbury scene, jazzfusion, progressiv rock, eksperimentell rock
Aktive år 1963 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar The Wilde Flowers, Soft Machine, Matching Mole, Kevin Ayers, Henry Cow, Brian Eno, Nick Mason
Plateselskap Virgin, Rough Trade, Domino

Robert Wyatt (fødd Robert Wyatt-Ellidge28. januar 1945) er ein engelsk musikar og grunnleggjar av det viktige Canterbury scene-bandet Soft Machine,[1] og har hatt ein lang solokarriere. Han er gift med den engelske målaren og låtskrivaren Alfreda Benge.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Wyatt gjekk på Simon Langton Grammar School for Boys i Canterbury[2] og som tenåring levde han med foreldra i Lydden nær Dover, der han lærte seg trommer av den vitjande amerikanske jazztrommeslagaren George Neidorf.

I 1962 flytte Wyatt og Neidorf til Mallorca der dei budde nær diktaren Robert Graves. Året etter reiste Wyatt attende til England og vart med i Daevid Allen Trio med Daevid Allen og Hugh Hopper. Allen reiste så til Frankrike og Wyatt og Hopper danna The Wilde Flowers med Kevin Ayers, Richard Sinclair og Brian Hopper. Wyatt var først trommeslagar i Wilde Flowers, men då Ayers forlet bandet vart han òg songaren deira.

Soft Machine og Matching Mole[endre | endre wikiteksten]

I 1966 vart Wilde Flowers oppløyst og Wyatt og Mike Ratledge danna Soft Machine med Kevin Ayers og Daevid Allen. Her spelte Wyatt både trommer og song, ein uvanleg kombinasjon for eit rockeband.[1]

I 1970, etter kaotisk turnering, tre album og fleire indre konfliktar i Soft Machine, gav Wyatt ut det første soloalbumet sitt, The End of an Ear, der han spelte mange instrument sjølv, blanda med lydbandeffektar.[1]

Eit år seinare forlet Wyatt Soft Machine og i tillegg til å delta i fusion-storbandet Centipede og spele trommer på JazzFest Berlin New Fiolin Summit, ein konsert med fiolinistane Jean-Luc Ponty, Don «Sugarcane» Harris, Michał Urbaniak og Nipso Brantner, gitaristen Terje Rypdal, klaverspelaren Wolfgang Dauner og bassist Neville Whitehead,[3] danna han sitt eige band, Matching Mole (eit ordspel på «machine molle», som er fransk for 'Soft Machine'), eit stort sett instrumentalt band. Etter to album og oppløysing var Matching Mole på veg til å spele inn det tredje albumet då han den 1. juni 1974 på ein fest for Gong-medlem Gilli Smyth og June Campbell Cramer (òg kjend som Lady June) fall ut av eit vindauge i fjerde etasje. Han vart lam frå livet og ned og måtte resten av livet nytte rullestol. Den 4. november dette året spelte Pink Floyd ein konsert for Wyatt i Rainbow Theatre, med støtte av Soft Machine, og John Peel som konferansier. Konserten fekk inn £10 000 for Wyatt.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Skaden gjorde at Wyatt forlet Matching Mole og ikkje lenger kunne spele rock på trommene. Han kom framleis til å spele trommer, men meir innan jazz der han ikkje nytta føtene. Han la så ut på ein solokarriere og med musikarvenene sine (mellom andre Mike Oldfield, Ivor Cutler og Henry Cow-gitaristen Fred Frith), gav han ut soloalbumet Rock Bottom.[1] Seinare same året gav han ut ein singel, ein coverversjon av «I'm a Believer», som nådde 29. plass på den britiske singellista.[1] Begge var produsert av Pink Floyd-trommeslagaren Nick Mason. Då han skulle framføre songen på Top of the Pops ønskte ikkje produsenten av programmet at han skulle sitje i rullestolen, «fordi det ikkje høvde seg for eit familieprogram». Dei ønskte at han skulle sitje på ein vanleg stol. Wyatt vann derimot fram og på framsida av det neste New Musical Express sat heile bandet i rullestolar på omslaget. Wyatt song seinare på det første soloalbumet til Nick mason, Fictitious Sports i 1981.

Det neste soloalbumet til Wyatt, Ruth Is Stranger Than Richard, var produsert av Wyatt sjølv, bortsett frå ein song av Mason. Dette var meir jazzprega med innverknad av frijazz. Av gjestemusikarar finn ein Brian Eno på gitar, synthesizer og «direct inject anti-jazz ray gun».

Resten av 1970-åra spelte Wyatt med mange artistar, som Henry Cow, Hatfield and the North, Carla Bley, Eno, Michael Mantler og Roxy Music-gitaristen Phil Manzanera. Soloarbeidet hans i 1980-åra var sterkt prega av den politiske ståstaden hans. Wyatt vart medlem av Det britiske kommunistpartiet. I 1983 spelte han inn ein versjon av Elvis Costello-songen «Shipbuilding», som var inspirert av falklandskrigen. Denne nådde 36. plass på den britiske singellista[4].

Seint i 1980-åra, etter samarbeid med artistar som News from Babel og den japanske artisten Ryuichi Sakamoto, slo han og kona Alfreda Benge seg til ro i Spania, før han i 1991 gjorde comeback med plata Dondestan. I 1997 kom albumet Shleep ut til god kritkk.[1]

I 1999 og 2000 samarbeidde han med den italienske songaren Cristina Donà. Wyatt skreiv fleire songar for filmen Winged Migration i 2001.

Nyare år[endre | endre wikiteksten]

I juni 2001 var Wyatt kurator for Meltdown-festivalen og song «Comfortably Numb» med David Gilmour. Dette vart gjeven ut på DVDen David Gilmour in Concert.

I 2004 samarbeidde Wyatt med Björk på songen «Submarine», som kom ut på albumet hennar Medúlla. I 2006 spelte Wyatt med David Gilmour på albumet hans On an Island, der han song, spelte perkusjon og kornett på «Then I Close My Eyes». Wyatt var òg gjesteartist på fleire av konsertane til Gilmour i Royal Albert Hall dette året.

I 2006 samarbeidde Wyatt med Steve Nieve og Muriel Teodori på operaen Welcome to the Voice. Wyatt tolker rolla 'the Friend', og både syng og spelar lommetrompet. Soloalbumet Comicopera kom ut i 2007.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Andre bidrag[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]