Nick Mason

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nick Mason

Nick Mason i 2018.
Fødd27. januar 1944 (80 år)
FødestadBirmingham
FødenamnNicholas Berkeley Mason
OpphavStorbritannia
Aktiv1964 til i dag
SjangerProgressiv rock, psykedelisk rock, instrumental rock
Instrumenttrommer, perkusjon, klaverinstrument, gitar, vokal
Tilknytte artistarPink Floyd
Sigma 6
The Screaming Abdabs
Mason & Fenn
Robert Wyatt
Carla Bley
Michael Mantler
PlateselskapCapitol, Columbia, Sony, EMI, Harvest
Verka somMusikar, plateprodusent, forfattar
FarBill Mason
Gift medLindy Mason, Annette Mason
Prisarkommandør i den britiske imperieorden

Nicholas Berkeley «Nick» Mason (fødd 27. januar 1944) er ein britisk trommeslagar, perkusjonist og ein av komponistane i bandet Pink Floyd.

Mason er fødd i Birmingham i England, voks opp ved Hampstead i London og gjekk på privatskulen Frensham Heights i Surrey. Han studerte seinare på Regent Street Polytechnic, der han i 1964 møtte Roger Waters, Bob Klose og Richard Wright som saman grunnla bandet Sigma 6, som var forgjengaren til Pink Floyd.

Nick Mason er gift for andre gong og har tre ungar. Dei bur i grevskapet Wiltshire, i det tidlegare huset til Camilla Parker Bowles. Ettersom innspelingane og turnéane til Pink Floyd vart meir sporadiske har Mason brukt meir tid på favoritthobbyen sin, billøp. Han eig og køyrer fleire klassiske bilar og har mellom anna konkurrert i 24-timarsløpet Le Mans. Han er òg ein kvalifisert pilot.

Mason er den einaste personen som har vore med i Pink Floyd sidan grunnlegginga i 1965 og har også spela på samtlege album. Trass i konfliktane over eigarskapen til namnet Pink Floyd er Roger Waters og Nick Mason gode vener. Mason deltok på dei to siste konsertane i verdsturnéen til Waters i 2002 for å spele trommer på den tradisjonelle Floyd-låten «Set the Controls For The Heart Of The Sun».

Nick Mason har òg designa og teke bilete for albuma Relics (1971) og Animals (1977).

2. juli 2005 deltok Mason i Pink Floyd for fyrste gong på 24 år saman med David Gilmour, Richard Wright og Roger WatersLive 8-konserten i Hyde Park i London.

12. august 2012 spelte Mason med Ed Sheeran på Pink Floyd-songen «Wish You Were Here» under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London.

Andre arbeid[endre | endre wikiteksten]

Mason har òg arbeidd med andre musikarar, som trommeslagar og produsent for Steve Hillage og Robert Wyatt, trommeslagar for Michael Mantler og produsent for bandet The Damned. Boka til Nick Mason, Inside Out: A Personal History of Pink Floyd, vart publisert i Storbritannia i oktober 2004. Denne boka gjev eit subjektivt innblikk på livet i bandet frå eit humoristisk synspunkt.

Eigne utgjevingar[endre | endre wikiteksten]