Pink Floyd

God artikkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pink Floyd

OpphavEngland
Aktiv19641994
SjangerRock, psykedelisk rock, progressiv rock
PlateselskapCapitol, Columbia og EMI
Tidlegare medlemmerSyd Barrett
David Gilmour
Nick Mason
Roger Waters
Richard Wright
Bob Klose
PrisarGrammy Award for Best Rock Instrumental Performance, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Hall of Fame Award, Rock and Roll Hall of Fame, Polar Music Prize

Pink Floyd er eit britisk progressivt rockeband. Med poengterte tekstar, storslåtte lydbilete, lydeksperimentering, nyskapande platecover og sceneshow fylt med effektar er Pink Floyd eitt av dei største banda innan rocken. Bandet er på sjuandeplass på lista over artistar som har selt flest plater gjennom historia med over 300 millionar plater.[1][2]

Pink Floyd hadde ein viss suksess seint på 1960-talet som eit psykedelisk band leia av Syd Barrett. Barrett si utilreknelege åtferd førte til slutt til at han vart bytta ut med gitarist og vokalist David Gilmour. Etter dette tok bassisten og vokalisten Roger Waters gradvis over leiinga av bandet, sjølv om mange songar vart skrivne også av andre bandmedlemmer. I lag med Richard Wright på tangentar og vokal og Nick Mason på trommer heldt denne versjonen av bandet i lag til 1982, då Waters sparka Wright ut av bandet. Dette var i perioden etter The Wall, der Roger Waters skreiv dei fleste songane åleine. Dei mest kjende platene frå denne perioden var The Dark Side of the Moon frå 1973, Wish You Were Here frå 1975, Animals frå 1977 og The Wall frå 1979, plater som gjorde bandet verdskjend. Desse platene er blant dei mest kritikarrosa og populære platene i rockehistoria. I 1985 prøvde Waters å leggje ned Pink Floyd, men Gilmour, Mason og etter kvart Wright heldt fram utan han. Waters saksøkte då bandet for å få rettane til bandnamnet, ei sak han tapte. Waters vart derimot med att i bandet då dei spela på Live 8-konserten i London i 2005.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Syd Barrett-perioden: 1964–1968[endre | endre wikiteksten]

Teikning av ein ung Syd Barrett.

Pink Floyd utvikla seg frå eit tidlegare band, danna i 1964, som gjekk under ulike namn som Sigma 6, The Megga Deaths, The Screaming Abdabs og The Abdabs. Då dette bandet vart oppløyst, slo enkelte av medlemmene seg saman og danna eit nytt band kalla Tea Set. Desse medlemmene var Bob Klose og Roger Watersgitar, Nick Masontrommer og Richard Wrightblåseinstrument. Etter ein kort periode med Chris Dennis på vokal, vart gitarist og vokalist Syd Barrett med i bandet, og Waters skifta til bass. Ein gong spela Tea Set på same konsert som eit anna band med same namn, og Barrett kom opp med det alternative namnet The Pink Floyd Sound etter to bluesmusikarar, Pink Anderson og Floyd Council. Ei stund skifta dei mellom desse to namna, før dei til slutt berre brukte det siste. Etter kvart vart Sound tatt bort. Sjølv om alle platene er gjevne ut under namnet Pink Floyd, vart bandet lenge omtalt som The Pink Floyd av bandmedlemmene. I denne tidlege perioden spela dei stort sett coverversjonar av rhythm and blues-klassikarar som «Louie Louie» i psykedeliske tolkingar med lange improviserte seksjonar og soloar.

Klose var meir ein jazzmusikar og forlét bandet kort tid før Pink Floyd byrja å spele inn musikken sin. Barrett starta raskt å skrive sine eigne songar, inspirert av amerikansk og britisk psykedelisk rock, men med sin eigen underlege humor. Pink Floyd vart raskt eit populært undergrunnsband og spela på klubbar som UFO Club, Marquee Club og Roundhouse.

På slutten av 1966 vart bandet bedt om å medverke med musikk til Peter Whitehead sin film Tonite Let’s All Make Love in London. Bandet vart filma medan dei spela inn to spor («Interstellar Overdrive» og «Nick’s Boogie») i januar 1967. Lite av musikken vart med i filmen, men innspelinga vart gjeven ut som London 1966/1967 på 1990-talet.

Etter kvart som bandet vart meir populært, danna det firmaet Blackhill Enterprises i oktober 1966, i lag med managerane Peter Jenner og Andrew King. Dei gav så ut singlane «Arnold Layne» i mars 1967 og «See Emily Play» i juni 1967. «Arnold Layne» gjekk opp til 20. plass på den britiske singellista, og «See Emily Play» gjekk heilt opp til sjetteplass, og bandet fekk den første TV-opptredenen sin på Top of the Pops i juli 1967.

Debutalbumet The Piper at the Gates of Dawn kom i august 1967, og er i dag rekna som eit perfekt døme på britisk psykedelisk musikk, og fekk generelt gode kritikkar på den tida. Kritikarar reknar det enno som eit av dei betre debutalbuma. Songane på albumet er hovudsakleg skrivne av Barrett, og har poetiske, surrealistiske tekstar med inspirasjon frå segner og området The Fens nær Cambridge, som Barrett, Gilmour og Waters hadde vakse opp i. Musikken inneheldt nyare teknologi innan elektronikk som bruk av stereopanorering og elektriske tangentinstrument. Plata vart ein hit i Storbritannia, der ho nådde sjetteplass, men fekk lite merksemd i Nord-Amerika. Det hjelpte på populariteten at bandet turnerte med Jimi Hendrix.

I've got a bike, you can ride it if you like
It's got a basket, a bell that rings
and things to make it look good
I'd give it to you if I could, but I borrowed it

Frå «Bike», mai 1967

Forfallet til Barrett[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Syd Barrett.

Bandet vart meir og meir populært, og det harde turnélivet og eit stort inntak av narkotika, som LSD, førte til at den psykiske helsa til Barrett byrja å skrante. I januar 1968 vart David Gilmour tatt inn i bandet som gitarist for å utføre oppgåvene til Barrett på scena. Etterkvart vart åtferda til Barrett mindre og mindre tilrekneleg. Ofte stirra han berre ut på publikum medan resten av bandet spela. Under enkelte konsertar kunne han klimpre på éin akkord gjennom heile konserten, eller skeivstemme gitaren sin. Vanskane gjorde at dei andre bandmedlemmene til slutt lét han vere heime, opphavleg for å skrive songar for bandet, men også desse var så vanskelege at bandet til slutt gav opp heile løysinga. Blant desse songane var «Have You Got It Yet?», der Barrett skifta melodi og akkordrekkefølgje for kvar gong han spela songen. Frå april 1968 vart Barrett heilt ute av bandet. Produsentane Jenner og King valde å halde seg til han, og firmaet Blackhill vart oppløyst. Pink Floyd tilsette Steve O’Rourke som manager, ein jobb han hadde heilt til han døydde i 2003.

Den eksperimentelle perioden: 1968–1970[endre | endre wikiteksten]

Gilmour, Waters og Wright deltok no alle som komponistar og songarar. Dei laga alle songar som hadde sitt eige preg og lydbilete, til forskjell frå den meir einsarta musikken skriven og sungen av Barrett, eller det meir polerte og samarbeidsprega arbeidet dei gjorde seinare. Waters skreiv stort sett lågmælte, jazzaktige melodiar med dominerande basslinjer og komplekse og symbolske tekstar. Gilmour fokuserte meir på gitardriven bluesimprovisasjon, medan Wright føretrekte melodiske og psykedeliske songar med tangentane langt framme i lydbiletet. I motsetnad til Waters hadde Gilmour og Wright enkle tekstar eller reine instrumentalar. Noko av den mest eksperimentelle musikken til gruppa er frå denne perioden, som «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» med ei rekkje stemmeinnspelingar med dobbel snøggleik som høyrest ut som lyden av skrikande gnagarar og fuglekvitter før det heile endar i ein dialog med skotsk dialekt som er vanskeleg å forstå.

Medan Barrett hadde skrive mesteparten av det første albumet, var det berre éin barrettkomposisjon på det andre Pink Floyd-albumet. A Saucerful of Secrets kom ut i juni 1968 og nådde niandeplass i Storbritannia. Midtpunktet var det tolv minutt lange tittelsporet som var eit hint om dei episke og lange songane som skulle kome seinare, men plata vart teke dårleg imot av platemeldarane på den tida.

Pink Floyd vart så bede om å lage musikken til filmen More av regissør Barbet Schroeder. Musikken vart gjeven ut som eit eige Pink Floyd-album, Music from the Film More, i juli 1969. Kritikarane syntest albumet var ujamt og oppstykka. Gruppa brukte desse og seinare filmmusikkinnspelingar til å lage musikk som kanskje ikkje ville ha passa inn på ei vanleg Pink Floyd-plate. Mange av spora var akustiske viser. Resten av albumet var samansett av små avantgarde-stykke frå filmen, i tillegg til eit par tyngre rockesongar.

Den neste plata var dobbeltalbumet Ummagumma, der eine plata var liveinnspelingar og den andre var studioeksperiment der kvart bandmedlem spela inn ei halv vinylside kvar som eit soloprosjekt. Sjølv om albumet vart eit soloprosjekt og ei konsertplate, var det opphavleg tenkt at ho skulle vere ei rein avantgarde-blanding av lydar frå tilfeldige instrument som ein «fann». Tittelen på plata er Cambridge-slang for samleie, og gjenspeglar innstillinga til bandet under dei vanskelege innspelingane. Bandet var svært eksperimentelle på studioplata, medan konsertplata inneheld opptak av nokre av bandet sine mest populære songar frå denne perioden. Albumet fekk betre kritikkar enn dei to tidlegare albuma, og var Pink Floyd sitt mest populære så langt, med ein femteplass på listene i Storbritanna og 74. plass i USA.

I 1970 kom Atom Heart Mother, som var den første orkesterinnspelinga deira og eit samarbeid med komponisten Ron Geesin. Ei heil side av plata bestod av tittelsporet, eit symfonisk rockestykke på 23 minutt. På den andre sida fann ein mellom anna «Alan’s Psychedelic Breakfast», ein lydmontasje av ein mann som lagar og et frukost. Bruken av tilfeldige lydeffektar og snakkande stemmer vart etter dette ein viktig del av lydbiletet til bandet. Medan kritikarar og seinare medlemmene sjølv såg på plata som eit lite tilgjengeleg tilbakesteg, fekk plata likevel den beste plasseringa bandet hadde hatt til då, og nådde førsteplass i Storbritannia og 55. plass i USA. Dette gav grunnlag for at Pink Floyd kunne reise på sin første fulle USA-turné. Albumet var igjen ein overgang til det neste stadiet i utviklinga til bandet, og tittelsporet gav hint om framtidige spor som «Echoes».

Før dei gav ut det neste albumet sitt kom det eit samlealbum kalla Relics. Det var samansett av tidlegare singlar og B-sider, i lag med ein Waters-song frå Ummagumma-innspelinga (den jazza «Biding My Time», som var ein del av «The Man/The Journey»). Dei medverka òg med musikk til filmen Zabriskie Point, sjølv om mange av forslaga deira vart vraka av regissøren Michelangelo Antonioni.

Gjennombrotsperioden: 1971–1975[endre | endre wikiteksten]

«The band is just fantastic,
that is really what I think.
Oh by the way which one's Pink?»

Frå «Have a Cigar», s. 2 på Wish You Were Here

På 1970-talet fletta dei tre låtskrivarane måtane dei skreiv songar på saman til eit unikt lydbilete, og gruppa laga det mange meiner er meisterverka deira, The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here. Pink Floyd kvitta seg med det «psykedeliske» stempelet sitt og vart eit særeige band som det var vanskeleg å klassifisere. Lydbiletet vart meir polert og samarbeidsprega, med filosofiske tekstar og karakteristiske basslinjer frå Waters, kombinert med den unike bluesgitarstilen til Gilmour og Wright sine enkle tangentmelodiar. Gilmour var den dominerande vokalisten i denne perioden, medan kvinnelege koristar og Dick Parry sin saksofon vart ein del av stilen til bandet. Den delvis atonale og rå lyden bandet tidlegare hadde synt, vart no svært glatt, mjuk og nedroande. Dei episke og lange komposisjonane til bandet nådde høgdepunktet med «Echoes». Denne perioden var ikkje berre byrjinga på eit meir samarbeidsprega band, men òg slutten på det. Etter 1975 vart Waters meir dominerande både musikalsk og lyrisk. I denne perioden kom den siste medverknaden til Wright som både låtskrivar og førstesongar («Shine On You Crazy Diamond» og «Time»), før The Division Bell i 1994. Gilmour medverka berre på enkelte songar før Waters gjekk frå bandet i 1985, men han heldt fram som førstesongar. Dei siste banda til Barrett, både musikalsk og lyrisk, var Wish You Were Here, der sporet «Shine On You Crazy Diamond» var skriven som både ei hyllest og elegi til den tidlegare venen deira.

Lydbiletet vart mykje meir fokusert på Meddle (1971), der den 23 minutt lange, episke «Echoes» tok heile andresida av LP-en. Nick Mason reknar Meddle for å vere «det første verkelege Pink Floyd-albumet».[3] Albumet hadde igjen det lydbiletet og stilen som kjenneteikna platene i gjennombrotsperioden til bandet og var strippa for orkesteret som var dominerande på Atom Heart Mother. Meddle vart godt teken i mot av både kritikarane og fansen. Albumet nådde 3. plass på den britiske albumlista, men berre 70. plass i USA. I følgje Nick Mason kom dette av at Capitol Records ikkje reklamerte noko særleg for albumet i Amerika. Meddle er framleis sett på som eit av dei beste albuma deira.

Obscured by Clouds vart gjeve ut i 1972 som filmmusikk til La Vallee, ein annan kunstfilm av Barbet Schroeder. Dette var bandet det første albumet til bandet som kom inn på topp 50-lista i USA (der det nådde 46. plass), og i Storbritannia nådde det sjetteplass. Det vart ikkje så veldig godt teke imot av kritikarane. Albumet var stilmessig sett annleis enn det førre albumet, Meddle, med kortare songar og stilar som nærma seg viserock, bluesrock og pianodriven softrock.

Pink Floyd i 1973

I 1973 kom det svært populære albumet The Dark Side of the Moon som markerte eit skilje i populariteten til bandet. Pink Floyd hadde slutta å gje ut singlar etter «Point Me at the Sky» i 1968, og var aldri eit band som bevisst laga hitsinglar, men «Money» gjekk inn på den amerikanske topp 20-singellista. Albumet gjekk til topps i mange land, inkludert USA, og i oktober 2006 var det det mestseljande i USA si historie med meir enn 15 millionar selde plater, og ei av dei mestseljande i verda med meir enn 40 millionar selde plater. Det kritikarrosa albumet heldt seg på topp 200 på Billboard i 741 veker (591 samanhengande veker frå 1976 til 1988), ein verdsrekord som aldri kan verte slått, fordi det i dag er sett ei grense på 500 veker. Det heldt seg òg 301 veker på den britiske lista, men her kom det aldri høgare enn andreplass.

Saksofonen er ein viktig del av lydbiletet på albumet, i tillegg til dei kvinnelege koristane. I lag med musikken er det også lydeffektar og klipp av intervju som vart spela inn i studioet. Tekstane og lydane på albumet var eit forsøk på å skildre stress og mas i kvardagslivet til folk. Dette konseptet (som Waters kom på i eit bandmøte på kjøkenet til Nick Mason) tende bandet, som laga ei liste over tema dei kunne bruke. Fleire tema vart brukte om att av Waters på seinare album, slik som tankane omkring vald og krig, som vart brukte på «Us and Them», og tema som galskap og nevrosar, som dei brukte i «Brain Damage».

Det kompliserte og presise lydbiletet vart sett saman av lydteknikaren Alan Parsons og sette ein ny standard for lydgjengjeving. Bandet nytta seg av den kraftige populariteten og gav ut eit samlealbum, A Nice Pair, som inneheldt The Piper at the Gates of Dawn og A Saucerful of Secrets. Det var òg under denne perioden at regissøren Adrian Maben gav ut den første konsertfilmen med Pink Floyd, Live at Pompeii, spela inn i 1971 på eit amfiteater i Pompeii utan publikum til stades.

Wish You Were Here kom i 1975 og omhandla det abstrakte temaet fråvær. Fråvær av menneskelegdom i musikkindustrien og fråvær av Syd Barrett. Albumet inneheld det populære tittelsporet «Wish You Were Here» og den lange kompisjonen «Shine On You Crazy Diamond», som er i ni delar og ei hyllest til Barrett. Teksten omhandlar etterverknadene av samanbrotet hans. Stilen frå dei førre albuma var framleis med – atmosfæriske tangentar, bluesaktig gitar, lange saksofonsoloar (av Dick Parry) og aggressiv slidegitar – i forskjellige stykke som var lenkja saman. Under innspelinga av plata kom ein ukjenneleg Syd Barrett på vitjing i studio. Dette var siste gong nokon i bandet såg han. Albumet var det første av Pink Floyd som nådde førsteplass både i Storbritannia og USA, og kritikkane var like strålande som for The Dark Side of the Moon.

Roger Waters-perioden: 1976–1985[endre | endre wikiteksten]

Roger Waters-framføring av The Wall i Berlin i 1990.

I denne perioden tok Waters meir og meir kontroll over Pink Floyd, medan Wright medverka mindre og mindre, før han vart sparka frå bandet under innspelinga av The Wall. I denne perioden vert musikken rekna for å kome i andre rekkje i høve til tekstane. Dei omhandlar kjenslene til Waters rundt dødsfallet til faren under den andre verdskrigen og haldninga hans mot politiske figurar som Margaret Thatcher og Mary Whitehouse. Musikken vart no meir nyansert og meir gitarbasert enn tangent- og saksofonbasert, og desse instrumenta vart no meir ein del av lydbiletet i bakgrunnen, i lag med lydeffektane. Eit fullt orkester (til og med større enn orkesteret på Atom Heart Mother) spelar ei viktig rolle på The Wall og særleg The Final Cut.

I januar 1977 kom Animals, som vart nummer to i Storbritannia og nummer tre i USA. Dei siste åra før Animals vart musikken til Pink Floyd stadig kritisert av det nye pønkrock-miljøet for å vere slapp og pretensiøs, og å ha mista enkelskapen til tidleg rock ’n’ roll. Animals var derimot mykje meir gitarbasert enn tidlegare plater, anten som følgje av påverknad av den blomstrande pønkrock-rørsla eller fordi albumet vart spela inn i Pink Floyd sitt nye Britannia Row Studios. Albumet var òg det første albumet av Pink Floyd som berre var komponert av Waters og Gilmour. Animals hadde nokre lange komposisjonar knytt saman av eitt tema, som til ein viss grad var inspirert av George Orwell-romanen Animal Farm. Biletet på omslaget viser ein svær oppblåsbar gris, som i etterkant har vorte eit av symbola til Pink Floyd. Sjølv om gitaren var dominerande, spela tangentane framleis ei viktig rolle på plata, medan saksofonen og dei kvinnelege koristane, som var ein viktig del av lydbiletet på dei to førre albuma, no var heilt borte. Resultatet var eit meir hardrock-liknande lydbilete mellom to rolege og akustiske viser. Mange kritikarar likte ikkje plata, og syntest det var «langtekkeleg» og «dystert», medan andre hylla albumet for akkurat dei same årsakene.

Richard Wright

Pink Floyd sine konsertarenaer vart stadig større, og dette medverka sterkt til bodskapen på The Wall. Roger Waters hadde aldri vore noko særleg glad i konsertar på store idrettsstadionar, der han følte at kontakten med publikum vart vekke. Dette kulminerte i Montreal i 1977 då Waters spytta ein skrikande tilhengjar i andletet. Sjokkert av sin eigen oppførsel byrja Waters arbeidet på The Wall som kom i 1979. Musikkverket omhandla tema som einsemd og mislykka kommunikasjon. I konseptet byggjer han opp ein metaforisk mur mellom seg og publikum. Med dette albumet vart Pink Floyd på ny anerkjent, og dei oppnådde ei ny topplassering på hitlistene med singelen «Another Brick in the Wall (Part 2)», som vart den mestseljande singelen i Storbritannia i både 1979 og 1980. The Wall inneheldt òg seinare konsertklassikarar som «Comfortably Numb» og «Run Like Hell». Medprodusent på albumet var Bob Ezrin, ein ven av Waters som òg medverka i komposisjonen av songen «The Trial». Waters hadde no enno meir artistisk kontroll over innspelingane enn tidlegare, noko som førte til konfliktar mellom medlemmene. Medan Wright var blitt sparka frå bandet under innspelinga, vart han leigd inn for The Wall-turnéen i 1980 og 1981.

Sjølv om albumet aldri nådde første plass i Storbritannia (det vart nummer tre), låg The Wall 15 veker på topp på dei amerikanske listene i 1980. Kritikarane hylla albumet, og i dag er det selt over 30 millionar eksemplar av det på verdsbasis. Berre i USA har Pink Floyd selt 23 millionar eksemplar, og fått 23 gonger platina av RIAA. Den store suksessen til The Wall førte til at Pink Floyd per i dag er det einaste bandet i lag med The Beatles som har hatt det mestseljande albumet i to år (1973 og 1980) av ein periode på mindre enn ti år. Ein tilhøyrande film som fekk namnet Pink Floyd: The Wall kom i 1982, og inneheldt det meste av musikken frå albumet. Filmmanuset var skrive av Waters og regissert av Alan Parker, og hadde Bob Geldof i hovudrolla.

I 1983 kom studioalbumet The Final Cut, som var tileigna Waters sin far, Eric Fletcher Waters. Stemninga på albumet var enno mørkare enn på The Wall og tok opp att fleire tema som var brukt tidlegare. I tillegg omhandla det dåverande aktuelle hendingar, som sinnet til Waters mot Storbritannia si deltaking i Falklandskrigen. Konklusjonen til albumet er eit kynisk og skremmande glimt av ein mogeleg atomkrigTwo Suns in the Sunset»). Michael Kamen og Andy Bown medverka på tangentar i fråvær av Richard Wright.

Sjølv om albumet teknisk sett var eit Pink Floyd-album, stod det ingenting om det på framsida av omslaget. Roger Waters stod oppført som einaste komponist på heile plata, som vart ein prototype på lydbiletet og forma på Waters sine seinare soloprosjekt. Lydbiletet er mykje likt som på The Wall, men ein del rolegare og mjukare, med songar meir lik «Nobody Home» enn «Another Brick in the Wall (Part 2)». Plata er òg meir gjentakande med visse tilbakevendande tema som dukkar opp med jamne mellomrom. Albumet selde ikkje så mykje samanlikna med tidlegare album, men nådde førsteplass i Storbritannia og sjetteplass i USA, og vart godt teke imot av kritikarane. Plata inneheldt òg den mindre radiohiten «Not Now John», den einaste rockesongen på plata, og den einaste som delvis er sungen av Gilmour. Diskusjonane mellom Waters og Gilmour på denne tida skal visstnok ha vore så harde at dei ikkje var samtidig i platestudioet under innspelingane. Gilmour meinte albumet var for dårleg, og ville ikkje oppførast som medprodusent, men fekk honorar for oppgåva. Det var ingen turné etter albumet, men delar av plata har vorte spela av Waters på soloturnéane hans i etterkant.

Etter The Final Cut gav Capitol Records ut samlinga Works. Bandmedlemmene gjekk i kvar sin retning for å arbeide på eigne soloprosjekt. Gilmour var først ute med albumet sitt About Face i mars 1984. Wright slo seg saman med Dave Harris frå bandet Fashion og danna det nye bandet Zee, som gav ut det eksperimentelle albumet Identity ein månad etter Gilmour. I mai 1984 kom Waters si plate The Pros and Cons of Hitch Hiking, eit konseptalbum som ein gong vart føreslått som eit Pink Floyd-prosjekt. Eitt år etter gav Mason ut sitt album, Profiles, som var eit samarbeid med Rick Fenn frå 10cc med gjesteopptredenar av Gilmour og pianisten Danny Peyronel frå bandet UFO.

David Gilmour-perioden: 1987–1995[endre | endre wikiteksten]

David Gilmour

Waters annonserte i desember 1985 at han forlét Pink Floyd, men i 1986 byrja Gilmour og Mason på eit nytt Pink Floyd-album. Samtidig arbeidde Roger Waters på sitt andre soloalbum, Radio K.A.O.S. Ein bitter rettstvist følgde då Waters kravde at namnet «Pink Floyd» ikkje skulle brukast vidare, men Gilmour og Mason heldt på retten til å halde fram som «Pink Floyd», noko som til slutt enda med eit forlik.

Dei diskuterte mange namneforslag på det nye albumet før dei enda opp med A Momentary Lapse of Reason. Utan Waters, som hadde vore den dominerande komponisten det siste tiåret, søkte bandet etter andre låtskrivarar utanfrå. Dette var noko Pink Floyd ikkje hadde gjort før (bortsett frå orkesterbidraga til Geesin og Ezrin), og førte til ein del kritikk. Ezrin, som var medprodusent på Gilmour sitt About Face-album, medverka òg som medprodusent og låtskrivar på det nye albumet. Richard Wright var òg involvert i prosjektet, først som innleigd musikar, men som offisielt medlem av bandet på den påfølgjande turnéen. Gilmour innrømde seinare at Mason om lag ikkje spela trommer på albumet, og på grunn av dei få bidraga til Mason og Wright, meinte mange at albumet i praksis var eit soloalbum av Gilmour, på same måte som The Final Cut i praksis var eit soloalbum av Waters. Albumet nådde 3. plass på listene både i Storbritannia og USA.

Eitt år seinare gav bandet ut det doble konsertalbumet Delicate Sound of Thunder med medfølgjande konsertvideo. Seinare spela bandet inn instrumentalmusikk til dokumentaren La Carrera Panamericana. Instrumentalane var dei første Pink Floyd-relaterte musikkstykka som involverte Richard Wright som låtskrivar sidan 1975, i tillegg til den einaste medverknaden frå Nick Mason på låtskrivarsida sidan The Dark Side of the Moon.

I 1992 kom boksen Shine On med ni plater, som inkluderte nyutgjevingar av studioalbuma A Saucerful of Secrets, Meddle, The Dark Side of the Moon, Wish You Were Here, Animals, The Wall og A Momentary Lapse of Reason. I tillegg var det med ei bonusplate kalla The Early Singles. Alle platene var designa slik at når dei stod loddrett side ved side, så danna ryggane bilete av omslaget på The Dark Side of the Moon. På sjølve CD-en stod det skrive «The Big Bong Theory», som var Nick Mason sitt namneforslag til boksen. Same året kom Roger Waters sitt soloalbum Amused to Death.

Den neste innspelinga deira var The Division Bell frå 1994, og dette var eit mykje meir samarbeidsprega album enn Momentary Lapse, med Wright som eit fullverdig medlem av bandet og låtskrivar. Albumet vart godt teke imot av både kritikarar og tilhengjarar. Sjølv om nokre meinte albumet var keisamt og føreseieleg, var det likevel det andre Pink Floyd-albumet som nådde 1. plass i både Storbritannia og USA.

The Division Bell var eit konseptalbum, og var på mange måtar Gilmour sin versjon av mange av dei same temaa som Waters hadde teke opp på The Wall. Tittelen vart føreslått av forfattaren Douglas Adams, som var ein god ven av Gilmour. Mange av tekstane var skrivne i lag med Polly Samson, som var kjærasten til Gilmour på den tida, og som han gifta seg med kort tid etter. Utanom Samson medverka dei fleste musikarane som hadde spela på A Momentary Lapse of Reason-turnéen, i tillegg til saksofonisten Dick Parry, som òg hadde medverka på fleire Pink Floyd-album på midten av 70-talet. Anthony Moore, som hadde skrive tekstane til fleire av songane på det førre albumet, skreiv teksten til Wright-songen «Wearing the Inside Out». Denne var òg den første songen med Wright på vokal sidan The Dark Side of the Moon. Wright og Moore samarbeidde vidare på Wright sitt soloalbum Broken China i 1996.

Gruppa gav ut eit konsertalbum kalla P*U*L*S*E i 1995 som nådde førsteplass i USA. Albumet inneheldt songar som var spela inn under Division Bell-turnéen på konsertar i London, Roma, Hannover og Modena, mellom anna heile The Dark Side of the Moon for første gong på 20 år.

Perioden etter 1995[endre | endre wikiteksten]

Waters og Mason under konsert 12. mai 2007.

I 1996 vart bandet teke opp i Rockens æresgalleri, der bandet spela «Wish You Were Here» med Billy Corgan (frå The Smashing Pumpkins).

Ei konsertinnspeling av The Wall vart gjeven ut i 2000, sett saman frå konsertane i London i 1980 og 1981. Ho vart kalla Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81. I 2001 kom ei dobbel samleplate, kalla Echoes med nokre av dei mest kjende Pink Floyd-songane. Gilmour, Mason, Waters og Wright medverka alle i utvalet av songane og kva rekkjefølgje dei skulle ha. Albumet nådde 2. plass på listene i USA. I 2003 kom det ei SACD-utgåve av The Dark Side of the Moon i samband med 30-årsjubileumet med høgoppløyseleg surround-lyd og ny framside på omslaget. Ei ny utgåve av The Final Cut kom i 2004 med singelen «When the Tigers Broke Free» i tillegg.

I 2003 døydde Steve O’Rourke som hadde vore bandet sin manager sidan 1968. Dette førte til at Gilmour, Mason og Wright kom saman og spela «Fat Old Sun» og «The Great Gig in the Sky» i gravferda hans. To år seinare, den 2. juli 2005 vart trioen gjenforent med Waters for å spele ei enkeltståande konsertframføring på Live 8-konserten i London, oppfølgjaren til Live Aid. Dette var første gong på 24 år dei fire medlemmene stod på same scene. Bandet spela fire songar med både Gilmour og Waters på vokal. Platesalet auka kraftig etter konserten, og det gjekk mange rykte om at gruppa skulle gjenforenast, utan at dette skjedde.

16. november 2005 vart Pink Floyd teke opp i UK Music Hall of Fame (den britiske versjonen av Rockens æresgalleri). 1. juli 2006 spela Roger Waters ein konsert i Hyde Park der heile The Dark Side of the Moon var med. Nick Mason var med som gjesteartist. Seinare på turnéen vart både Mason og Wright inviterte som gjesteartistar, men Wright avslo sidan han var opptatt med eigne framtidige soloprosjekt.

10. mai 2007 vart det arrangert ein konsert til minne om Syd Barrett som nyleg var død. Her spela Roger Waters åleine ein song, og dei gjenverande tre medlemmene av Pink Floyd spela Arnold Layne og Bike (sistnemnde med andre artistar òg).[4] Dei tre medlemmene var i praksis Pink Floyd, men dei valde å ikkje bruke namnet.

15. september 2008 døydde Richard Wright av kreft.

The Endless River[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Endless River.

I juli 2014 annonserte Samson på Twitter at det skulle kome eit nytt Pink Floyd-album kalla The Endless River i oktober.[5] Den tidlegare korvokalisten Durga McBroom sa at musikken kom frå eit sideprosjekt kalla The Big Spliff, spelt inn under innspelinga av Division Bell, med ny musikk lagt til i seinare tid av Gilmour og Mason. Musikk som Wright spelte inn i 1993-1994, i tillegg til musikk frå 1969, er med på albumet[6] Sidan vart utgjevingsdatoen flytta til 10. november 2014.

Bileta til Pink Floyd[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd er nesten like vidgjetne for plateomslaga sine som for musikken. Gjennom heile karrieren er det stort sett grafikaren Storm Thorgerson og det grafiske studioet hans Hipgnosis, som har stått for desse omslaga. Mest kjend er kanskje mannen som helsar på ei brennande utgåve av seg sjølv på omslaget av Wish You Were Here og prismet og dei brytande lysstrålane på Dark Side of the Moon. Omslaget til Meddle framheva bandet sin idé om visualisering av lyd ved eit nærbilete av eit øyre under vatn. Thorgerson har vore involvert i alle Pink Floyd-albuma bortsett frå samlealbumet Relics, som var illustrert av Mason, The Piper at the Gates of Dawn, der biletet på framsida var tatt av Vic Singh, The Wall, som Gerald Scarfe illustrerte, og The Final Cut, som Waters designa på eiga hand.

Berre omslaga for The Piper at the Gates of Dawn, A Saucerful of Secrets og Ummagumma har bilete av bandmedlemmene, bortsett frå enkelte konsertbilete og andre bilete av bandet på innsida av omslaga til andre album.

Konsertar[endre | endre wikiteksten]

Sjå artikkelen: Pink Floyd-konsertar

Pink Floyd er kjend for dei spektakulære konsertane sine, med banebrytande visuelle effektar i lag med musikken der utøvarane sjølv nesten vert underordna. Dei har aldri brukt dei store skjermane til å vise bandmedlemmene i aksjon, men har i staden brukt musikkvideoar som følgjer musikken.

Konsertar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå artikkelen: Diskografien til Pink Floyd

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

5. august 1967 The Piper at the Gates of Dawn
29. juni 1968 A Saucerful of Secrets
27. juli 1969 Music from the Film More
25. oktober 1969 Ummagumma
10. oktober 1970 Atom Heart Mother
30. oktober 1971 Meddle
3. juni 1972 Obscured by Clouds
24. mars 1973 The Dark Side of the Moon
15. september 1975 Wish You Were Here
23. januar 1977 Animals
30. november 1979 The Wall
23. mars 1983 The Final Cut
7. september 1987 A Momentary Lapse of Reason
30. mars 1994 The Division Bell

Personar knytte til Pink Floyd[endre | endre wikiteksten]

Offisielle Pink Floyd-medlemmer

(1964)

(1964-1968)

(1968)

(1968-1979)

(1980-1985)

(1985-1987)

(1987-2008)

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd etter Roger Waters[endre | endre wikiteksten]

Merk at dei som er merkte utan album ved sidan av namnet har medverka på alle Pink Floyd-innspelingar etter A Momentary Lapse of Reason.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dolphin Music: [1].
  2. Memorabilia, PF sales
  3. BBC..Later with Jools Holland
  4. «Brain Damage»
  5. Newton, Steve (5 July 2014). «David Gilmour's wife Polly Samson leaks news on Twitter about new Pink Floyd album». straight.com. Henta 22. september 2014. 
  6. Maloney, Devon (5 July 2014). «New Pink Floyd Album 'The Endless River' Out in October». Billboard. Henta 18 September 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisielle sider[endre | endre wikiteksten]

Andre lenkjer[endre | endre wikiteksten]