Icelandair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Icelandair Boeing 757.

Icelandair er det nasjonale flyselskapet til Island

Icelandair blei stifta i 1973 ved ei samanslutting av dei to konkurrerande islandske flyselskapa Flugfélag Íslands og Loftleiðir. I dag er Icelandair det største flyselskapet på Island med eit omfattande rutenett til byar i Norden, Europa og USA.

På grunn av den geografiske plasseringa til Island har Icelandair og tidlegare Loftleiðir dratt nytte av dette og gjort Keflavik til ein transittlufthamn for passasjererer frå USA til ulike byar i Europa. Denne verksemda står for ca. 50 % av det heile. Som ein ekstra bonus blir passasjerane tilbode eit kortare opphald i Reykjavík til fordelaktige prisar.

Icelandair er eit av 13 selskap under «FL Group» (tidlegare kalla Flugleidir Icelandair Group). Konsernet er sentralt i den raskt veksande islandske turistindustrien som omfattar Icelandair, Icelandair Cargo, Icelandair Hotels, Air Iceland, Iceland Travel, Reykjavik Excursions, Icelandair/Hertz, Icelandair Ground Services, Icelandair Technical Services, Loftleidir-Icelandic and Icelandair Shared Services.

Den 23. oktober 2005 kunngjorde FL Group overtakinga av det danske lågprisselskapet Sterling Airways.

I tillegg har Icelandair 16,18 % eigardel i det britiske selskapet easyJet.

Flypark[endre | endre wikiteksten]

Flåten til Icelandair består av følgjande fly (pr. april 2005):

28. februar 2005 teikna Icelandair ein kontrakt for to stk. Boeing 787 til levering i 2010 med opsjon på ytterlegare fem fly. (ref: Air International April 2005)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]