Idéhistorie
Idéhistorie er det historiske studiet av europeisk tenking.
Faget utforskar dei store og viktige verka innan religion, filosofi og vitskap som har skapt vår kultur, og som har bestemt eller som uttrykkjer våre oppfatningar om mennesket, om Gud og naturen, om samfunnet og historia. Dinest dreier idéhistorie seg om dei gruppespesifikke verdisystema og verkelegheitsbilda til bestemte parti, stender, klassar, sekter og kjønn, både opphavet deira og deira historiske verknader. Endeleg utforskar idéhistorie også dei kollektive og delvis umedvitne tankemønstra som er sams for epokar og nasjonale kulturar, og som avgjer åtferdsformer og preferansar, kjensleliv og meir medviten tenking.
Arbeidsmetodane i faget er gjennomgåande bruk av kjeldetilvising, retorikk og hermeneutikk. Gjennom desse metodane ønskjer faget å skildre den einskilde "ideen" eller den kulturelle stemninga som finst i tid og rom i bøker, kunstverk, bygningar og andre kulturelle ytringar.
Idéhistorie blei eit eige universitetsfag i Sverige på 1930-talet, då Johan Nordström blei utnemnd til professor i faget ved Uppsala universitet. Faget har seinare blitt oppretta som eige universitetsfag i fleire land, og kan i andre land vere eit forskingsområde innanfor andre fag.
Innhaldsliste |
Idehistorikarar [endre]
- Robin George Collingwood
- Max Weber
- Thomas Samuel Kuhn
- Michel Foucault
- Hans-Georg Gadamer
- Jürgen Habermas
- Paul Ricœur
- Hans Blumenberg
- Quentin Skinner
Norske idehistorikarar [endre]
Dagens norske samfunn er analysert frå fleire hald:
- Personar som pregar norsk offentlegheit, som snakkar eller skriv med samfunnsengasjert tyngde innan fleire område, også utover sitt eige fagfelt.
- Intellektuelle
Av desse kan ein nemne:
- Rune Slagstad
- Unni Wikan
- Eva Joly
- Bjørgulv Braanen
- Kjartan Fløgstad
- Trond Berg Eriksen
- Cathrine Holst
- Thomas Hylland Eriksen
- Espen Søbye
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Idéhistorie» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2012.
.
Litteratur [endre]
- Trond Berg Eriksen: Hva er idéhistorie, Universitetsforlaget, 2003, ISBN 82-15-00386-9
- Andreas Dorschel: Ideengeschichte, Vandenhoeck & Ruprecht, Göttingen, 2010, ISBN 978-3-8252-3314-3