Intellektuell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Intellektuell kallar vi ein person som eignar mykje av tida si til tenking og analyse. Å vere intellektuell er å vere rasjonell og objektivt reflekterande til omverda si. Å vere intellektuell handlar altså ikkje nødvendigvis om å vere spesielt intelligent; det skal meir forståast som ein bestemt måte å bruke intelligensen sin på, i møtet med verda. Den intellektuelle tilnærminga står i motsetning til ein meir umiddelbar, følelsesdriven måte å oppfatte tinga på.

I si vide tyding kan ein intellektuell vere eit yrke som inneheld intellektuell aktivitet, noko som vil inkludere lærarar, ingeniørar, juristar og fleire, eller i ein snever forstand ein person som høyrer til intelligentsiaen i samfunnet.

Mange ser ein intellektuell som ein som held greie på og analyserer samfunnet omkring seg. Det inneber at sosiologar, statsvitarar og filosofar er dei «mest» intellektuelle. Blant dei mest kjende nolevande intellektuelle er Noam Chomsky og Umberto Eco. Begge vart kåra blant verdas 100 viktigaste intellektuelle av tidsskrifta Foreign Policy og Prospect i samarbeid med lesarane.

Ein tredje definisjon kan innebere ein som er interessert i kunnskap og læring og ganske enkelt kan like å vite mykje om ulike teoretiske emne. Mange som redigerer og skriv artiklar i Wikipedia vil då vere i denne kategorien.

Å vere intellektuell er ikkje eit yrke eller ei utdanning ein tek, men ein kombinasjon av læring og utdanning og ikkje minst erfaring. Å kalle seg intellektuell er det likevel berre dei mest ubeskjedne som gjer. Derimot kan andre erklære nokon for å vere intellektuell, noko den norske avisa Dagbladet gjorde i 2005 ved å erklære ti menneske som landets viktigaste intellektuelle. I eigne ord ønskte Dagbladet å setje søkjelyset på stemmer i samfunnet som evnar å finne brukbare svar og stille gode spørsmål i ei komplisert tid. «Kanskje er intellektuelle stemmer viktigere enn på lenge ut fra de store samfunnsbevegelsene som vi i dag er vitne til,» skreiv Dagbladet.

Dagbladet sine kriterium var

  • Personar som pregar norsk offentlegheit, som snakkar eller skriv med samfunnsengasjert tyngd innan fleire område, også utover sitt eige fagfelt.
  • Ein intellektuell er ein som blandar seg i ting han ikkje har noko med, som Sartre sa. Personar som forheld seg til dei mest brennbare spørsmåla i vår tid på overraskande, nye og udogmatiske måtar - eller folk som legg vekt på tradisjonen i ei tid der alle spring etter det som er nytt.

Åtte av dei ti var:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]