Bjørgulv Braanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bjørgulv Braanen (fødd 14. november 1956 i Fredrikstad) er ein norsk journalist og debattant på venstresida, redaktør av den venstreorienterte dagsavisa Klassekampen i Oslo frå 2002.

Braanen var leiar for Yrkesskoleelevenes og lærlingenes interesseorganisasjon (YLI) frå 1977 til 1979. Han har arbeidd som journalist i Klassekampen i periodane frå 1984 til 1990 og som redaksjonssjef frå 2000 til 2002, då han vart redaktør for avisa. I perioden frå 1990 til 2000 arbeidde han for avisa Dagens Næringsliv.

Braanen har grunnfag i historie, har yrkesbakgrunn som sveisarlærling og har fagbrev som sveisar. Han har vore leiar i Raud Ungdom. I 2005 peika Dagbladet han ut som ein av Noregs ti viktigaste intellektuelle. Året etter fekk han Fritt Ord-prisen for Klassekampen sitt bidrag til seriøs politisk journalistikk. Braanen vart kåra til årets redaktør av Oslo Redaktørforening i 2010.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]