Iliaden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stridsscenar frå den ambrosiske Iliaden, ei illustrert handskrift frå 400-talet e.Kr.

Iliaden (gresk Ιλιάς, Iliás) er eit epos som plar verte halde for å vere den eldste bevarte teksten på gresk, og med det også den eldste europeiske litteraturen. Iliaden tek for seg ein del av historia om kringssetjinga av byen Ilion (Troja), det vil seie trojanarkrigen. Iliaden er saman med Odysséen dei to store diktverka som vert tilskrive den ioniske diktaren Homer. Om Homer eigentleg har levd og om han verkeleg er opphavsmannen til desse verka er omdiskutert, men det er truleg at begge diktverka kjem frå ein lang tradisjon av muntleg poesi. Iliaden og Odysséen vert tradisjonelt datert til 700-talet fvt., men somme forskarar meiner at dei er seinare.

I alle høve skildrar Iliaden ei bronsealder-verd, noko som høver godt med tida Troja vart lagt i røys, om lag 1200 f. Kr.

Iliaden er forfatta på daktylisk heksameter og omfattar cirka 16 000 vers som av vert delt inn i 24 songar.

Ordet Iliad tyder «høyrer til Ilion». Ilion er namnet på sjølve byen, medan Troja (gresk: Τροία) er staten rundt Ilion, som Priamos herska over. Ilion og Troja vert ofte brukt om einannan utan noko skilje i tyding.

Iliaden vart omsett til nynorsk i 1951 for Det norske samlaget ved Eirik Vandvik. Med dette fullførde han det verket Arne Garborg hadde byrja med Odysséen mange år før. Denne omsetjinga braut opp nokre av dei bolkane som vart rekna som vidtfemnande, og desse avsnitta vart lagt til tillegga bakarst i boka. Dette gjeld særskild den kjende skipskatalogen, som tek for seg alle hærhovdingane og skipa deira.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Kvadet tek føre seg den ti år lange kampen om byen Troja, mellom Akaiane på eine sida og trojanarane på hi. Handlinga i kvædet er trengd saman til siste året av krigen, med ei rekkje glimt attover. Bakgrunnen for krigen vert ikkje stort drøfta i diktet, som helst tek føre seg beine krigshandlingar og trette mellom menneske. Skildringane av kamp kan stundom vera svært livlege og heller brutale.

Bak dei krigførande flokkane finn ein dei greske gudane, som har skild seg i flokkar for og mot Troja. Hera og Athene held med akaiane, medan Afrodite held med trojanarane. Bakgrunnen for dette vert såvidt nemnd. Zevs syner seg å tvile noko på kva side han skal velja, men lyt helst føye Hera i hennar val.

Iliaden sluttar med gravferda til Hektor, sonen av kong Priamos. Såleis får vi ikkje her noko omtale av det endelege fallet, som er handsama i Æneiden og i Odyssevs-kvædet.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.