Hera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hera

Hêra (gresk Ἧρη (jonisk) eller Ἧρα (attisk)) er ei gudinne i gresk mytologi.

Hera var dotter av Kronos og Rhea, søster og make av Zevs og dronning i Olympen. Med Zevs hadde ho borna Ares, Eileithyia, Hefaistos og Hebe. I følgje ein annan versjon var Hefaistos hennar son utan far, født som eit svar på at Zevs «fødde» Athene. Ho var vernar av ekteskapet og barnefødslenes, og var mest tilbeden av kvinner.

Ho var sett på som ei hemnlysten og straffande gudinne mot dei som terga henne. Ho forfylgde stadig elskarinnene til sin utru make og barna han fekk med dei. Dette motivet var spesielt framtredande i mytane om Herakles som ho forfylgde frå før han vart født og heile hans jordiske liv. Myten om opphavet til Mjølkevegen seier at Zevs plasserte spedbarnet Herakles ved Heras bryst utan hennar vitande, då ho oppdaga det reiv ho vekk ungen, og brystmjølka hennar spruta ut over himmelen.

Etter at Herakles var teken opp til himmelen, forsona Hera seg med han og gav han dottera Hebe til ekte.

Hera sin heilage fugl var gauken, seinare var også påfuglen forbunden med henne. Granateplet var hennar spesielle symbol.

Romarane identifiserte henne med si gudinne Juno.