Impuls i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Impuls eller kraftstøyt er i fysikk kraft gonger den tida krafta verkar. Lekamen som krafta verkar på får ved kraftstøyten ei forandring i rørslemengda si. Forandringa i rørslemengd er ofte misvisande vorte kalla impuls.

I elektrisitetslæra brukast iblant impuls i tydinga kortvarig straumstøyt (straumimpuls), men som regel brukar ein heller nemninga puls i denne samanhengen.

Formel[endre | endre wikiteksten]

\mathbf{I} = \int \mathbf{F}\, dt

der

I er impuls (anna symbol nytta er òg J),
F er krafta, og
dt er ei infinitesimal tid.

Viss F er konstant, vert dette redusert til \vec{I} som er lik produktet av krafta \vec{F} og tida t

\vec{I}=\vec{F}*t\,

Eininga for impuls er newtonsekund, Ns.

Siden tida t er ein positiv skalar, vil impulsen ha same retninga som krafta.

Impulslova[endre | endre wikiteksten]

Ein lekam med masse m blir påverka av ein konstant kraft F_{res} i tida t. Startfarten er v_0 og sluttfarten er v.

Akselerasjonen blir

\vec{a}=\frac{\vec{v}-\vec{v_0}}{t}

Av den andre lova til Newton

\vec{F_{res}}=m*\vec{a}=m*\frac{\vec{v}-\vec{v_0}}{t}=\frac{m\vec{v}-m\vec{v_0}}{t}

Me veit at rørslemengd er definert som \vec{p}=m\vec{v}

\vec{F_{res}}t=m\vec{v}-m\vec{v_0}=\vec{p}-\vec{p_0}=\Delta{\vec{p}}

Når ein lekam er påvekra av krefter, gjev resultantkrafta lekamen ein impuls som er lik forandringa i rørslemengda til gjenstanden.

\vec{I_{res}}=\Delta{\vec{p}}

Kjelder[endre | endre wikiteksten]