In the Mood av Rush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
In the Mood
Singel av Rush
frå albumet Rush
Utgjeve 1974
Innspelt 1973
Sjanger hardrock
Lengd 3:37
Selskap Moon Records

Anthem/Mercury Records

Låtskrivar(ar) Geddy Lee
Produsent Rush
Rush-kronologi
«Finding My Way»
(1974)
In the Mood «Fly by Night»
(1975)

«In the Mood» er ein song av det kanadiske rockebandet Rush frå debutalbumet, Rush. Han var minst to år gammal då han vart spelt inn for albumet. Songen er kring tre og eit halv minutt lang og i 4/4-takt.

Songen vart ofte spelt på konsertane til bandet, ofte i ein medley, og vanlegvis nær slutten av ekstranummer, fram til 1992, då han vart droppa. Ein radiostasjon i St. Louis for classic rock, KSHE, brukte å spele songen kvar fredag kveld kl. 19:45, som ein referanse til teksten i refrenget der det vert sunge «hey baby, it's a quarter to eight».

Songen vart spelt inn av det kanadiske bandet Sloan i 2002 for filmen FUBAR.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]