Moving Pictures

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moving Pictures
Studioalbum av Rush
Utgjeve 12. februar 1981
Innspelt oktober - november 1980 i Le Studio, Morin Heights, Quebec
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 40:07
Selskap Anthem (Canada)
Atlantic (Japan)

Epic/Sony (Japan) Mercury

Produsent Rush og Terry Brown
Kritikk
Rush-kronologi
Permanent Waves
(1980)
Moving Pictures Exit...Stage Left
(1981)

Moving Pictures er det åttande studioalbumet av det kanadiske progressive rockebandet Rush. Det vart utgjeve i 1981.

I likskap med det føregåande albumet inneheldt òg Moving Pictures meir radiovenlege songar, til dømes «Tom Sawyer» og «Limelight».

Den andre songen på albumet viser nok ein gong den litterære stilen til Peart når det kjem til tekstskriving. Songen handlar om ein mann som låner bilen til onkelen til å køyre med i ei tenkt framtid. Bilen køyrer han ein stad som tidlegare har vore ein gard, før reguleringa på bruk av bil kom. Bilen, som heiter «Red Barchetta» er inspirert av Ferrari 166 mm Barchetta som står på eit bilmuseum i Las Vegas.

Den tredje songen på albumet, «YYZ» er ein instrumentallåt. «YYZ» er òg koden for flyplassen i Toronto.

«Limelight» er ein av radiohitane Rush har hatt. Songen handlar korleis Peart opplever det å leve i «the limelight», eller ramplelyset som det heiter på norsk. Songen inneheld to frasar som peikar tilbake på andre Rush verk. Først kjem «all the world's a stage indeed» som peikar tilbake på albumet All the World's a Stage, deretter kjem «caught in the camera eye» som peikar fram mot neste song på plata, «The Camera Eye».

Den nest siste songen på plata heitar «Witch Hunt». Denne vart ein del av «Fear-serien» med songar.


Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Neil Peart utanom «Tom Sawyer» av Peart og Pye Dubois, all musikk komponert av Alex Lifeson og Geddy Lee utanom «YYZ» av Lee og Peart.

# Tittel Lengd
1. «Tom Sawyer»   4:31
2. «Red Barchetta»   6:10
3. «YYZ»   4:23
4. «Limelight»   4:20
5. «The Camera Eye»   11:01
6. «Witch Hunt» (Part III of Fear) 4:46
7. «Vital Signs»   4:47

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon Sal
USA RIAA 4x Platina (4 000 000)
Canada RIAA 4x Platina (400 000)

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (North America)

År Liste Plassering
1981 Billboard's Pop Albums 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

:|Moving Pictures]]» frå den 13. september 2012.