A Farewell to Kings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Farewell to Kings
Studioalbum av Rush
Utgjeve 1. september 1977
Innspelt juni 1977 i Rockfield Studios i Wales
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 37:13
Selskap Anthem (Canada)
Atlantic (Japan)

Epic/Sony (Japan) Mercury

Produsent Rush, Terry Brown
Kritikk
Rush-kronologi
All the World's a Stage
(1976)
A Farewell to Kings Hemispheres
(1978)

A Farewell to Kings er det femte studioalbumet til det kanadiske rockebandet Rush, og kom ut i 1977. Albumet vart spelt inn i Rockfield Studios i Wales, og miksa i Advision Studios i London.

A Farewell to Kings vart det første albumet til Rush som selde til gullplate i USA, to månader etter det kom ut, og selde etter kvart òg til platinaplate.

Geddy Lee skreiv opphavleg basslinjene sine på ein akustisk bass. Fuglane ein kan høyre på «A Farewell to Kings» og «Xanadu» vart spelte inn utanfor Rockfield Studios.

Teksten til songen «Xanadu» var inspirert av det 56 linjer lange diktet «Kubla Khan» skriven av Samuel Taylor Coleridge i 1797. Gruppa arbeidde lengje med denne songen for å leggje til alle instrumenta som var naudsynt for å gjere songen komplett. Songen er eit av få tilfelle der Lee spelar rytmegitar.

«Closer to the Heart» er ein av dei mest populære songane til Rush. Denne vart òg ein radiohit då han kom ut. Songen har nestan alltid vore ein del av spelelistene til Rush frå han vart laga og fram til før Vapor Trails- og 30-årsjubileumsturneane.

Den siste songen på plata, «Cygnus X-1», omhandlar ei oppdikta romreise til «Cygnus X-1». Inspirasjonen til songen var henta frå observasjonen av ein røntgenkjelde frå stjernebiletet Cygnus. Cygnus X-1 vart oppdaga tidleg på 1970-talet av den kanadiske vitskapsmannen Tom Bolton, og blir rekna å vere ein av dei største kandidatane til å bli klassifisert som eit svart hol.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Neil Peart, utanom der andre er nemnde, all musikk komponert av Alex Lifeson og Geddy Lee, utanom der andre er nemnde.

# Tittel Lengd
1. «A Farewell to Kings» (musikk: Lee, Lifeson, Peart) 5:51
2. «Xanadu»   11:08
3. «Closer to the Heart» (tekst: Peart, Peter Talbot) 2:54
4. «Cinderella Man» (tekst: Lee) 4:20
5. «Madrigal»   2:35
6. «Cygnus X-1 Book I: The Voyage» (tekst: Lee, Lifeson, Peart) 10:25

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock hamna albumet på sjetteplassen på lista over "40 Cosmic Rock Albums".[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Geddy Lee – vokal, bassgitar, 12-strengsgitar, Mini-Moog og basspedal-synthesizer
  • Alex Lifeson – elektrisk, akustisk og klassisk gitars basspedal-synthesizer
  • Neil Peart – trommer og perkusjon
  • Terry Brown – talt intro på "Cygnus X-1"

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Billboard's Pop Albums (1997) 33

Kjelder[endre | endre wikiteksten]