Alex Lifeson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alex Lifeson
Alex Lifeson3.jpg
Lifeson på konsert med Rush.
Raleigh, NC (20. juni 2007)
Verkeleg namn Alexandar Zivojinovich (Aleksandar Živojinović)
Fødd 27. august 1953 (61 år), Fernie i British Columbia i Canada
Instrument Gitar, mandolin, synthesizerar, banjo, bouzouki, bassgitar, mandola, vokal
Sjanger hardrock, progressiv rock, heavy metal
Aktive år 1968 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar Rush, Victor, Big Dirty Band
Plateselskap Mercury, Anthem, Atlantic
Kjende instrument
Gibson ES-335

Gibson ES-355 Gibson Les Paul Fender Stratocaster Gibson EDS-1275 Ovation Adamas PRS CE 24

Aleksandar Živojinović, OC (fødd 27. august 1953), betre kjend som Alex Lifeson, er ein kanadisk musikar, mest kjend som gitarist i det kanadiske rockebandet Rush. Sommaren 1968 starta Lifeson bandet som skulle verte Rush i lag med ven og trommeslagar John Rutsey, og bassist/solovokalist Jeff Jones, som kort tid etter vart erstatta av noverande frontmann Geddy Lee. Han har vore eit viktig medlem av bandet sidan den gong.

For Rush spelar Lifeson elektrisk og akustisk gitar, samt andre strengeinstrument som mandola, mandolin og bouzouki. Han syng òg korvokal på konsertane deira og spelar stundom tangentinstrument. Det meste av karrieren sin har Lifeson spelt for Rush, men han har òg drive med andre aktivitetar. Lifeson er deleigar i baren og restauranten The Orbit Room i Toronto og har flysertifikat.[1]

I lag med bandkollegaene Geddy Lee og Neil Peart, vart Lifeson offiser i Order of Canada den 9. mai 1996.

Lifeson vart av musikkmagasinet Rolling Stone kåra til den 98. beste gitaristen gjennom tidene.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Best Rock Talent av Guitar for the Practicing Musicians i 1983
  • Beste rockegitarist av Guitar Player Magazine i 1984 og mai 2008
  • Nest beste rockegitarist i 1982, 1983, 1985, 1986
  • Guitar for the Practicing Musicians Hall of Fame, 1991
  • 1996 – Offiser i Order of Canada, i lag med Geddy Lee og Neil Peart
  • Most Ferociously Brilliant Gitar Album (Snakes & Arrows) – Guitar Player Magazine, mai 2008

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alex Lifeson Biography». 2112.net. Arkivert frå originalen den oktober 12 2007. http://www.2112.net/xanadu/. Henta September 20, 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alex Lifeson