Indirekte val

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Indirekte val er eit val der veljarane (dei som har stemmerett) vel valpersonar, ofte kalla elektorar, som gjer det endelege valet. Valet av presidenten i USA skjer på denne måten, der kvar delstat vel eit tal elektorar, som møtest for å foreta valet.

Val av ordførar i dei fleste kommunar i Noreg skjer ved indirekte val: Kommunestyret, vald ved direkte val, vel ordførar. Frå 1999 har det vore direkte val av ordførar i ein del kommunar.

Ein del land, til dømes Tyskland, Italia, Tsjekkia, Estland, Latvia og Ungarn, har indirekte val av president: Presidenten blir valt av nasjonalforsamlinga.

I eit parlamentarisk system kan ein seie at statsminister blir vald indirekte, då støtte i den direkte valde nasjonalforsamlinga er grunnlaget for kven som blir statsminister.

I Noreg var det frå Grunnlova blei vedteken i 1814 og fram til unionsoppløysinga i 1905 eit valsystem der veljarane valde valmenn som igjen valde stortingsrepresentantane. Tanken med valmenn var mellom anna at dei skulle vere betre skikka enn veljarane til å bestemme kven som skulle sitje på Stortinget. Politiske parti vart ikkje danna før på 1880-talet. Systemet vart etter kvart kritisert som lite demokratisk, og frå 1905 gjekk Noreg over til fleirtalsval i einmannskrinsar.

Spire Denne politikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.