Inge Bryhni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inge Bryhni

Fødd5. april 1933
Løten kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkegeolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Inge Bryhni (fødd 5. april 1933Løten) er ein norsk geolog, og førstekonservator ved Naturhistorisk museum, Universitetet i OsloTøyen i Oslo.

Etter oppveksten i ytre Romsdal studerte han geologi ved Universitetet i Bergen (cand.real., 1958) og University of California, Berkeley. Han vart i 1962 tilsett som universitetslektor ved Universitetet i Oslo, og vart i 1967 førstekonservator ved Mineralogisk-geologisk museum på Tøyen, der han i 2012 er konservator emeritus. Opp gjennom åra gjorde han flere undersøkingar av berggrunn i store delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Han har vore ofte på NRK med eigne seriar,[1] skrive fleire populærvitskaplege framstillingar og vore fagansvarleg ved Store Norske Leksikon med følgjande fagområde: Geologi generelt, geologiske prosessar og strukturar, geologisk tidsrekning, sedimentologi, petroleumsgeologi. For formidlinga si vart han i 1984 tildelt NAVF sin pris på 25 000 kroner for populærvitskapleg forfattarskap, og i 2011 tildelt Toffenprisen frå Norsk geologisk forening.

Steinparken på Bud i Romsdal er etablert av han.[2] Han har òg utarbeidd nettleksikonet Geoleksi.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]