Ingebrigt Præsthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingebrigt Præsthus
Fødd24. september 1849
Buvika/Ilhaugen
Død12. desember 1891 (42 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkelærar, bonde, politikar
Alle verv

Ingebrigt Hallsteinsson Præsthus (24. september 184912. desember 1891) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Buvika i Sør-Trøndelag. Han var medlem av Høgre.

Præsthus var son til ein gardbrukar. Han var frå 1866 lærar i Kolvereid, gjekk deretter Klæbu seminar. I 1869 tok han eksamen og heldt fram som lærar. Han vart i 1874 tilsett ved ein privat borgarskule i Fredrikstad. År 1880 fekk han stilling som lærar og kyrkjesongar i Eidsberg. Ti år seinare kjøpte han gard i bygda og vart gardbrukar attåt.

Præsthus vart medlem av formannskapet i 1888 og ordførar i 1890. Perioden 1889-91 var han 1. representant frå Smaalenenes amtStortinget. Han var då medlem av justiskomiteen.

I 1891 døydde han på garden Finnestad i Eidsberg, einast to år etter han hadde kjøpte garden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]