Ingjald Ørbeck Sørheim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingjald Ørbeck Sørheim (28. juli 1937–18. september 2010)[1] var ein norsk advokat; han vart cand. jur. i 1965. Han gjennomførte også Forsvarets russiskkurs.[2] Ørbeck Sørheim var tidlegare ekspedisjonssjef i Handelsdepartementet (1976–79) og ressursavdelinga i Miljøverndepartementet (1979–82). Han var personleg rådgjevar ved Statsministerens kontor (SMK) under Regjeringa Brundtland I i 1981.
1982–83 var han administrerande direktør for Studentsamskipnaden i Oslo, i 1983 var han spesialrådgjevar i havbruk i Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråd. Frå 1984 var han privatpraktiserande forretningsadvokat.
Han var sekretær for Ottosenkomiteen som la grunnlaget for eit moderne masseutdanningssystem og opprettinga av distriktshøgskulane.
Referansar [endre]
- ↑ «Ingjald Ørbeck Sørheim er død», NRK 19. september 2010
- ↑ Jon Hustad "Anga SV-topper til Pot" Klassekampen, 18. desember 2006