Ingoda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ingoda
Munning Sjilka
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 708 km
Nedslagsfelt 37 200 km²

Ingoda (russisk Ингода) er ei elv i Zabajkalskij kraj i Russland. Elva er 708 km lang og har eit nedslagsfelt på 37 200 km².

Ingoda spring ut i Khentijfjella sørvest i Zabajkalskij kraj, og renn nordaustover i ein brei dal mellom Jablonovyjfjella og Tsjerskijfjella. Ved byen Tsjita snur elva mot søraustover, og dalen smalnar til medan elva renn gjennom fleire fjellryggar. Rundt 20 km før byen Sjilka munnar Ingoda saman med elva Onon, og dannar elva Sjilka. Ved munningen er middelvassføringa hennar 72,6 m³/s.

Ingoda er islagt fra byrjinga av november til slutten av april. Dei nedste delane av elva er seglbare.

Byen Tsjita ligg ved elva. Den transsibirske jarnvegen går gjennom dalføret til Ingoda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]