Ingolf Arnarsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ingolf Arnarson (norrønt Ingólfr Arnarson) er halden for å vere den første norrøne busetjaren på Island. I fylgje dei islandske kjeldene hadde han reist ut frå «Fjalir» i Fjordane i Noreg.[1]

Nordmannen Ingolf var ikkje den første frå Norden som vitja og levde på Island. Landnåmaboka hevdar at den første norrøne mannen som sette beina sine på Island var ein nordmann frå Agder ved namn Naddodd. Men Naddodd vart berre ei kort tid på øya, og då han drog attende til Noreg kalla han øya for «Snølandet» (Snæland). Ei tid etter kom ein svenske, Gard Svavarsson, ein gong rundt 860 då ein storm bles skipet hans så langt nord at han nådde den austlege kysten av Island.

Ingolf busette seg sør for Reykjavík, seier Íslendingabók, i år 874. Det markerte byrjinga på Landnåmstida som varte til rundt år 930, ein periode der mange norrøne menn og kvinner busette seg på Island.

Då Ingolf nådde den ubebudde øya kasta han i følgje Íslendingabók ættestolpane over bord og på den staden der dei vart skylt i land av bølgjene bestemte han seg for å setje bu. Dette var den første permanente busetjinga på Island.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]