Ingrid Kristiansen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingrid Kristiansen (fødd Ingrid Christensen, 21. mars 1956 i Trondheim) var i andre halvdel av 1980-åra den fremste langdistanseløparen i verda. Ho vart verdsmeister på 10 000 meter i 1987, og sette fem verdsrekordar på bane i karrieren. I mange år hadde ho òg beste tid på maratondistansen (2.21.06) i verda.
Det er maratonløpar at ho er best kjend, med sigrar i ei rekkje prestisjetunge løp, som i New York, Chicago, Boston og London.
Ingrid var òg ein veldig god langrennsløpar. Ho vart europameister i stafett for junior i 1974, og vann åtte NM i stafett.
Meritt i utval [endre]
- EM-gull på 10 000 meter 1986
- VM-gull på 10 000 meter 1987
- EM-bronse i maraton 1992
- 5 verdsrekordar i baneløp (5000/10 000 meter)
- Kongepokalen 1984-85
- 24 individuelle noregsmeisterskap i friidrett
Ho vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1986 og Egebergs Ærespris i 1990.
Personlege bestetider [endre]
| Distanse | Tid | Dato | Stad |
|---|---|---|---|
| 3000 m | 8:34.10 | 13 august 1986 | Zurich |
| 5000m | 14:37.33 | 5 august 1986 | Stockholm |
| 10000 m | 30:13.74 | 5 juli 1986 | Oslo |
| 10 km (landeveg) | 30:59 | 9 april 1989 | Boston |
| 15 km (landeveg) | 47:17 | 21 november 1987 | Monaco |
| Halvmaraton | 1:06:40 | 19 march 1987 | Sandnes |
| Maraton | 2:21:06 | 21 april 1985 | London |